Fiumelatte er ei av dei kortaste elvane i Italia og renn frå ei grop i Grigna til Comosjøen, like sør for Varenna. Elva er berre om lag 250 meter lang. Namnet «Fiumelatte» består av fiume (italiensk for «elv») og latte («mjølk») på grunn av den mjølkekvite fargen til vatnet. Elva er vanlegvis tørrlagd frå midten av oktober til midten av mars og vert derfor på folkemunne kalla Fiume delle due Madonne («Elva av dei to madonnaer»), som viser til dei to festdagane Maria bodskapsdag (25. mars) og Madonna del Rosario (7. oktober). Dette fenomenet kan kome av at elva renn gjennom ei grotte i Grigna, som vert fylt av smeltevatn om våren og sommaren.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fiumelatte River» frå , den 20. november 2007.

Bakgrunnsstoff Fiumelatte Meir informasjon om området

Kategori:Po Kategori:Lombardia Kategori:Elvar i Italia