Harry Norman Turtledove () er ein amerikansk historikar og flittig forfattar, som har skrive arbeid innan historisk fiksjon, fantasy og science fiction. Han er kanskje den mest kjende forfattaren av alternativ (eller kontrafaktisk) historie. Turtledove er kjend for sine lange, episke seriar, sett ifrå ein tredjeperson sin synsvinkel. «Verdskrig», «Videssos» og «Kor få er att» er dei tre største bokseriane han.

I «Verdskrig» vert den jorda vi kjenner invadert av romvesen i 1943. Turtledove nyttar denne historia til å peike på menneskelege familieforhold, ideologiske forskjellar imellom dei dominerande gruppene, foræderi, m.m.

«Videssos» er ein fantasiserie, sett i ei verd analog til det Byzantium.

I «Kor få er att» vinn sørstatane borgarkrigen, og USA vert delt i to. Turtledove sender så dei konføderale og USA igjennom begge verdskrigane, mens utviklinga i Europa går i motsett lei av det historiske.

Turtledove har forfatta eit utall andre seriar og enkeltbøker.

Bakgrunnsstoff Den offisielle heimesida til Harry : Ein komplett bibliografi over Turtledove sitt arbeide, med ei liste over dei forskjellige seriane han har gjort. Yahoogruppe om Turtledove Turtlewiki på wikia.com Turtledove-fokusert forum Harry Turtledove side på the Internet Book List

Kategori:USA-amerikanske forfattarar Kategori:Science fiction-forfattarar Kategori:Folk frå Los Angeles