22 Kalliope er ein stor hovudbeltetasteroide av M-typen og vart oppdaga av J.R. Hind den 16. november 1852. Den er namngjeven etter Kalliope, eposdiktingas greske muse.

Karakteristikkar Kalliope er noko avlang, omtrent 180 km i diameter, og lett asymetrisk. Dette har forskarane funne ut i frå bilete tekne av VLT ved ESO.

Medan spekteret høyrer til ein M-type, ser ikkje Kalliope ut til å vera metallisk lik andre M-typar som til dømes 21 Lutetia.

Kalliope