Reno er ei elv i Emilia-Romagna i Italia. Ho er den tiande lengste elva i Italia (sjette lengste av dei som renn direkte ut i havet) og den viktigaste av elvane i området bortsett frå Po. Namnet på elva har same etymologi som RhinenPå italiensk heiter begge elvane Reno. og kjem frå det keltiske ordet for «rennande (vatn)».

Elva har eit nedslagsfelt på litt over 5 000 km² og i middelvassføring på 95 m³/s ved munningen. Der elva renn ut på Posletta har ho om lag 25 m³/s. Den høgaste verdien som er registrert er derimot rundt 1 000 m³/s og d et minste er 0,6 m³/s. mini|venstre|Elva nær Sasso Marconi nær Posletta. Elva har sitt utspring i Le Lari-massivet i provinsen Pistoia (Toscana) om lag 745 meter over havet der to elva renn i hop nær Le Piastre i kommunen Pistoia. Den øvre leia hennar dannar grensa mellom Toscana og Emilia-Romagna og renn i ei skogkledd område kryssa av jernbanelinja Bologna-Porretta-Pistoia. Her er det òg bygd fleire reservoar på elva som vert nytta til produksjon av vasskraft. Reno er den elva i Appenninane som produserer mest straum etter Nera-Velino i Umbria.

I den nedre leia mottar Reno mange sideelvar, og nokre av desse har svært varierande vassføring. Dei viktigaste er Limentra, Silla, Setta, Idice, Sillaro, Santerno og Senio. Elva munnar ut i Adriahavet nær Casalecchio di Reno, søraust for Valli di Comacchio.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Reno River» frå , den 25. november 2007.

Bakgrunnsstoff Historie og geografi

Reno Reno Reno