Dimnøya er ei øy i Ulstein kommune. Dimnøya vert ofte brukt som namn på øya for å skilje mellom øya og krinsen. Det er to grunnkrinsar på øya: Sundgota med 1024 innbyggjarar (2014) og Dimna med 288 innbyggjarar (2014). På Sundgota finn vi daglegvarebutikk (SPAR Straumane), Hasund skule og Sundgot bedehus. Krinsen Dimna, som ligg på den vestlege delen av øya, hadde tidlegare eigen skule. Av hussamlingar elles kan nemnast Røyra, Ertesvågane, Gjerdsbakkane, Kleiva, Dimnasund, Åsen, Kjerringhaugane, Sundgotmarka og Skjerva.

Øya er knytt saman med bru til Hareidlandet. Dei austlege delane av øya er definert av SSB til å vere ein del av tettstaden Ulsteinvik.

På øya finn ein også skipsverftet Kleven Verft som mellom anna har levert fleire hurtigruter.

Øya har to idrettslag, Dimna IL ( friidrett) og Hasundgot IL (fotball).

Fylkesveg 26 i Møre og Romsdal går frå krysset med Riksveg 61 ved Hasund til Dimnasund og deretter rundt øya. Køyreturen tek cirka 15 minutt.

Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Ulstein prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Ulstein herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2024 126 316 943 1348

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kleven Maritime Dimna IL Hasundgot IL

Kategori:Øyar i Ulstein