Per Borten () var ein norsk politikar frå Senterpartiet. Han vart fødd i Flå i Sør-Trøndelag, og døydde i Trondheim. Han var statsminister i ei borgarleg samlingsregjering eller koalisjonsregjering frå 12. oktober 1965 til 17. mars 1971. Partia Senterpartiet, Venstre, Høgre og Kristeleg Folkeparti gjekk saman om å danna regjering.
Borten tok eksamen ved Norges Landbrukshøgskole i 1939, og var heradsagronom i Alvdal og Folldal, før han vart ordførar i heimbygda Flå frå 1945 til 1955. Han vart stortingsrepresentant i 1950, og formann i Bondepartiet (i dag Senterpartiet) i 1955.
Borten tok over som statsminister etter at Einar Gerhardsen si regjering frå Arbeidarpartiet gjekk av.
Borten gjekk av som statsminister då det vart kjent at han skulle ha gjeve ut informasjon som skulle vore løynd. Informasjonen var knytt til forhandlingene om Noreg sine vilkår i høve eit mogleg medlemsskap i EF, det seinare EU. Seinare kom det fram at ein statssekretær hadde gjeve ut informasjonen. Trygve Bratteli si regjering frå Arbeidarpartiet etterfylgde Per Borten si regjering.
Borten var kjend for ein likefram stil. Han lét seg mellom anna intervjua av avisa Dagbladet med berre underbukse på seg. Eit kjent sitat frå Borten er då han skulle skildra korleis det var å vera statsminister i samlingsregjeringa: «Det har vore som å bera staur».
Sjå òg Bortenregjeringa Lengst sitjande norske statsministrar
Bakgrunnsstoff Nokre opptak med Borten frå NRK sitt arkiv Portrettintervju med Per Borten Norgesdokumentasjon; intervju med Per Borten www.senterpartiet.no om Per Borten
Litteratur Brunvand, Olav: Fra samspill til sammenbrudd, Oslo 1973. Finstad, Hans Chr.: Fra drakamp til samspill, Oslo 1970. Greipsland, Torbjørn (et al.): Per Borten - omdiskutert og avholdt, Oslo 1984. Hoemsnes, Ole N.: Skjebnedøgn, Oslo 1986. Madsen, Roar: Motstraums; Senterpartiets historie 1959-2000, ISBN 82-521-5435-2 Nielsen, May-Brith Ohman: Bondekamp om markedsmakt; Senterpartiets historie 1920-1959, Oslo 2001 ISBN 82-521-5434-4 Sørebø, Herbjørn: Slik sprakk koalisjonen. Stormen om statsminister Per Borten, Oslo 1971. Unneberg, Bjørn: Per Borten; bonde og statsmann, Oslo 1988. Vassbotn, Per: Lekkasje og forlis. Om regjeringen Bortens fall, Oslo 1971.
Kategori:Norske statsministrar Kategori:Regjeringa Borten Kategori:Senterpartistatsrådar Kategori:Leiarar for Senterpartiet Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Studentar ved Noregs landbrukshøgskule Kategori:Norske agronomar Kategori:Folk frå Melhus