31 Euphrosyne er ein av dei største hovudbelteasteroidane. Han vart oppdaga av James Ferguson den 1. september 1854, den første som blei oppdaga frå Nord-Amerika. Asteroiden er namngjeven etter Eufrosine frå gresk mytologi.

Asteroiden er den åttande største hovudbelteasteroiden og utgjer omtrent 1 % av den totale massen i asteroidebeltet. Han er eit veldig mørkt objekt nær kanten av beltets ytre.

Objektet er lite studert, sjølv om den er ein av dei største asteroidane. Han er ein typisk C-type-asteroide med ei primitiv overflate. Bana er svært uvanleg og liknar på den til 2 Pallas, med sin høge inklinasjon og eksentrisitet.

Den låge tettleiken til Euphrosyne hintar til at, i motsetning til 10 Hygiea, 704 Interamnia og 52 Europa, er Euphrosyne ein porøs lekam.

Kjelder

Kategori:Asteroidar Kategori:C-type-asteroidar