Chieti er ein by sentralt i Italia, 200 km nordaust for Roma. Han er hovudstad i provinsen Chieti i regionen Abruzzo.

Chieti ligg på ein åsrygg oppfor elva Pescara, eit par kilometer frå Adriahavet. I nærleiken ligg fjella Maiella og Gran Sasso.

Historie Som Theate Marrucinorum var Chieti den viktigaste byen i Marrucini, eit distrikt i Romarriket etter forbundsfellekrigen (91-88 fvt.).

Under den andre verdskrigen vart ikkje Chieti utsett for bombeåtak fordi han vart erklært ein open by, som Roma, der flyktningar frå nærliggande byar og landsbyar kunne kome.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chieti» frå , den 5. desember 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Abruzzo Kategori:Byar i Italia