Bravo (av italiensk bravo, 'kjekk', opphavleg kanskje 'vill, ustyrleg') er eit tilrop som vert bruka for å rose gode prestasjonar. På italiensk kan ein også bruke superlativet bravissimo som tyder særs bra.
Ordet bra har opphav i det franske brave ('tapper, heiderleg') som igjen er lånt frå det italienske ordet bravo. Same rota har òg det forelda bokmåls-adjektivet brav, som tyder modig eller rettskaffen.
Bravo symboliserer bokstaven B i det fonetiske alfabetet til NATO.
Sjå òg Bravo-utblåsinga - på Ekofisk 2/4 B, kalla Bravoplattformen
Kjelder Falk og Torp 1903-06: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog. Faksimileutgåve ISBN 82-90520-16-6 Bokmålsordboka
Kategori:Interjeksjonar Kategori:Italienske ord og uttrykk
no:Fonetisk alfabet sv:Bokstavering fa:الفبای آوایی fi:Radioaakkoset he:אלפבית צלילי tr:Heceleme alfabesi uk:Фонетичний алфавіт