Dysnomia (offisielt (136199) Eris I Dysnomia, tidlegare kalla Gabrielle) er den einaste kjende månen til dvergplaneten Eris. Han vart oppdaga i 2005 av Mike Brown og laget for adaptiv optikk ved W. M. Keck-observatoriet og fekk mellombelsnamnet S/2005 (2003 UB313) 1 før han offiselt vart namnsett Dysnomia ('lovløyse') etter Dysnomia frå gresk mytologi, dottera til gudinna Eris.
Oppdaginga mini|venstre|Slik førestiller ein kunstnar seg Eris og Dysnomia (oppfor midten). I 2005 vart det utført observarsjonar frå Keck-teleskopet på Hawaii av dei tre lysaste Kuiperbelte-objekta (Pluto, Makemake Haumea og Eris) med det nye laserguide-stjerne-systemet og det adaptiske optikk-systemet. Observasjonar utførte 10. september avslørte ein måne i bane rundt Eris.
Eigenskapar
Satellitten er omrent 60 gongar svakare enn Eris i lysstyrke, og diameteren er estimert til å vera mindre enn 150 km. Kombinerte observasjonar av Keck Og Hubble vart brukte til å finna ein øvre masse til månen og baneparametrar. Omløpstida er estimert til 15,774±0,002 døger. Observasjonane indikerer at banen til Dysnomia har ein avstand på 37,370±150 km ifrå Eris. Med desse tala vil massen til heile Eris-systemet vera ca. 1,27 gongar massen til Pluto.
Danninga Astronomane kjenner no til at tre av dei fire lysaste Kuperbelte-objekta har satellittar, medan berre 10 % av dei mørkare objekta har. Dette kan tyda at kollisjonar mellom store KBOar var vanlege i det tidlegare solsystemet. Kollisjonar mellom objekt 1000 km i diameter eller større resultererer i at store mengder materiale vert kasta av objekta, og denne massen vil etter kvart samla seg og danna ein ny måne; mykje likt korleis månen til jorda vart danna.
Kjelder
Kategori:Transneptunske objekt Kategori:Dvergplaneten Eris Kategori:Himmellekamar oppdaga i 2005