Provinsen Latina (italiensk Provincia di Latina) er ein provins i regionen Lazio i Italia. Hovudstaden er byen Latina. Han har eit areal på 2 251 km² og totalt 566 996 innbyggjarar i 2023. Det er 33 kommunar i provinsen og dei største av desse er:

KommuneInnbyggjararLatina112 533Aprilia63 265Terracina42 669Formia36 822Fondi35 115Cisterna di Latina33 108Sezze22 859Gaeta21 541Minturno18 366Sabaudia17 581Priverno13 728Pontinia13 517Cori10 808Itri9 238San Felice Circeo8 212Sermoneta7 083Sonnino7 056Santi Cosma e Damiano6 678Monte San Biagio6 106

Historie Provinsen Latina vart grunnlagd 18. desember 1934 og består hovudsakleg av dei opptørka områda i Agro Pontino som tidlegare var ein del av provinsen Roma. Bortsett frå dei pontinske områda inkluderer provinsen Auruncifjella, Monti Lepini og Monti Ausoni, i tillegg til øygruppa Dei pontinske øyane. Hamnebyane Gaeta og Formia, i den sørlegaste delen av provinsen har tradisjonelt og språkleg høyrt til Campania.

Geografi Sjølv om det er den minste provinsen i Lazio er Latina geografisk og historisk variert.

Fjellområda Fastlandet består stort sett av kalksteinsåsar og fjell i sør og nordaustlege område. Av fjellkjeder finn ein Lepini, Auruncifjella og Ausoni. Det høgaste fjellet er Monte Petrella (i Aurunci) på 1 533 m. Klima er delvis kontinentalt med varme somrar og kjølige vintrar, men temperaturen fell sjeldan under 0 °C. Fjella har mange små mellomalderbusetnadar (borghi) og har tradisjonelt livnært seg på kvegdrift og jordbruk. I dag pendlar derimot fleire og fleire innbyggjarar til Roma eller Latina. Turisme er ei aukande næring for mange og av attraksjonar finn ein den urørte naturen og klostera Valvisciolo og Fossanova, der Thomas Aquinas døydde. Dei største byane i dette området er Cori, Sezze og Priverno.

Agro Pontino Agro Pontino dekkjer sletta som strekkjer seg sørover frå Aprilia til Terracina, langs Tyrrenhavet. Fram til 1930-åra bestod dette området av farlege myrområde, som vart drenert under fascistane. Området vart så busett av emigrantar frå nordaustlege delar av Italia i nybygde byar som Sabaudia og sjølve Latina. Klimaet her er mildt. Agro Pontino er den mest økonomisk utvikla delen av provinsen og har ein blømande jordbrukssektor og mange servicefirma og industriar. Her ligg òg mange av vasskjeldene til provinsen, som kystinnsjøane Fogliano, Caprolace og Paola.

Bortsett frå hovudstaden er dei største byane Cisterna di Latina, Terracina og Sabaudia (som er ein viktig feriestad).

Formia og Gaeta Gaeata og Formia er byar med ei rik historie frå antikken og mellomalderen. Dei var begge ein del av Kongedømet Napoli. Dei høyrte til regionen Campania fram til 1934. Spor etter forskjellige kulturelle miljø kan ein sjå i klesdraktene og den lokale dialekten, som er ein variant av napolitansk. Formia og Gaeta utgjer eit samanhengande storbyområde (med samband til Dei pontinske øyane) og er ein stasjon på jernbanelinja mellom Napoli og Roma. Andre viktig byar i området er Sperlonga og Minturno.

Dei pontinske øyane

Før i tida vart Dei pontinske øyane nytta som fengsel, men er i dag turistdestinasjonar om sommaren. Dei einaste busette øyane er Ponza og Ventotene

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Province of Latina» frå , den 10. desember 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Lazio