Selbjørnsfjorden er ein fjord, eller meir eit breitt sund, mellom Fitjar på øya Stord og Fitjarøyane i sør og øyane Stolmen, Selbjørn, som han er kalla opp etter, og Huftarøy i Austevoll i nord. Fjorden strekkjer seg 19 km frå Nordsjøen og austover til Langenuen.
Lengst ute i fjordgapet ligg Håkelbåen midt i innseglinga. Dette er ei grunne der sjøen bryt 6-7 forskjellige stader i uvêr. Lenger inne ligg dei to Eggholmsskjera, det eine av desse eit stykke ut i fjorden. Ei jul i 1890-åra gjekk eit bergensskip på dette skjeret og gjekk ned med alle mann.
To ferjesamband kryssar Selbjørnsfjorden, begge frå Sandvikvåg på Fitjar. Det eine går til Husavik på Huftarøy og det andre til Halhjem i Os i Hordaland
Kjelder
Kategori:Fjordar i Vestland Kategori:Geografi i Fitjar Kategori:Fjordar i Austevoll