Savona (ligurisk Sàn-na) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Savona i regionen Liguria og har om lag 60 000 innbyggjarar.

Savona vart tidlegare ein av dei største sentera i Italia for jernindustri med jernverk og støyperi, skipsverft, jernbaneverkstader, maskinverkstader og messingstøyperi.

Historie Savona er den romerske staden Savo til ingaunarane, der Mago i følgje Livius gøymde byttet sitt under den andre punarkrigen.

Ein viktigare stad i romartida var hamna ved Vada Sabatia (Vado), der vegen gjekk vidare til Appenninane og Placentia. I 1191 kjøpte kommunen Savona område som føydalherrane kravde. Gjennom heile historia har han vore i ein lang kamp mot Genova. Så tidleg som på 1100-talet bygde Savona seg ei hamn, men på 1500-talet gjorde genovesarane ho ubrukeleg fordi dei frykta at Frans I av Frankrike skulle nytta ho til handel i Middelhavet. Dei sokk skip fylt med store steinar ved munningen av hamna. I 1746 vart Savona erobra av kongen av Sardinia, men vart gjeve tilbake til Genova etter Aix-la-Chapelle-avtalen i 1748.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Savona» frå , den 26. desember 2007.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Liguria Kategori:Byar i Italia