Sanremo eller San Remo er ein by i provinsen Imperia i regionen Liguria i Italia med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg ved kysten av Middelhavet heilt vest i Liguria. Han vart grunnlagd i romartida og er ein kjend turistdestinasjon på den italienske rivieraen. Årleg er det fleire kulturarrangement i byen, som den musikalske Sanremo-festivalen.
Historie Byen vart grunnlagd som ein romersk busetnad (Matutia eller Villa Matutiana) og voks tidleg i mellomalderen då innbyggjarane flytta opp i høgda og bygde ei borg her for å verne seg mot plyndringstokta til sarasenarane.
Sanremo kom under grevskapet Ventimiglia og seinare inn under biskopane i Genova, som i 1297 selde han til familiane Doria og De Mari. Han vart ein fri by på andre halvdel av 1400-talet. Den gamle landsbyen som voks fram på Pignaåsen i denne tida er særs godt bevart fram til i dag.
mini|venstre|Ei smal gate i La Pigna.
Sanremo klarte å halde seg sjølvstendige frå Genova i lange tider, men i 1753, etter tjue år med harde kampar, vart Sanremo underlagt geneuesarane. Dei bygde festninga Santa Tecla på stranda nær hamna. Festninga vart nytta som fengsel fram til 2002 og vert i dag omforma til eit museum.
Etter den franske perioden under napoleonskrigane kom byen til Savoie i 1814 og vart då annektert av Kongedømet Sardinia.
Byen voks seg større frå misten av 1700-talet og utover og turistindustrien kom tidleg. Dei første hotella vart bygd og byen strekte seg langs kysten. På 1800-talet var det mange kjend namn som vitja byen, som keisarinne Elisabet av Austerrike, tsar Nikolai I av Russland, Alfred Nobel, Italo Calvino, keisarinne Maria Alexandrovna, som den russisk-ortodokse kyrkja var reist for i 1912 av eit lokalt russisk samfunn.
Folk frå Sanremo Mario Bava (1914–1980), filmskapar Mary Douglas (1921–2007), britisk sosialantropolog Fabio Fognini (f. 1987), tennisspelar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sanremo» frå , den 9. januar 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Liguria Kategori:Byar i Italia