Blåstrupe (Luscinia svecica) er ein arktisk fugl. Hannen har ein kraftig blå flekk med eit rustraudt midtparti på strupen. Varselropet er «huitt tækk tækk tækk»; songen skal vere vakker og variert. Blåstrupen er ein slank fugl som vert om lag 14 cm lang og 18 gram tung.

Global utbreiing Arten er vidt utbreidd innanfor palearktis frå Europa i vest og austover gjennom Asia. Han finst også i det vestre Alaska.

Leveområde i Noreg Blåstrupen finst i fjellet i Sør-Noreg og i fjellet og ut til kysten i Nord-Noreg. Han likar best irrgrøne fjellbjørkeskogslier og vierkjerr langs lågalpine våtmarker, men kan også treffast i skog der or, furu og gran dominerer. Det er helst i dei lyngrike skogvegetasjonstypane ein finn blåstrupen, men også i rikare skogutformingar så vel som i fuktig skog- og viervegetasjon. Den norske hekkebestanden er truleg på 500 000 til 1 million par.

Utsjånad Utsjånaden varierer etter årstid, alder og kjønn. Som namnet seier er strupe og bryst blått på hannen. I midten av det blå har hannen ein rustraud flekk. Hoa har ein svakare lyseblå farge i fjørdrakta si. På sidene av indre del av stjerten har begge kjønn rustraude felt.

Lyd Hannen syng sterkt, variert og med mange hermande innslag, og kan til dels minne om nattergalen, ein art som er klassifisert som nært i slekt. Mest typisk for songen er ein surrande låt, blanda med klare klokkeliknande tonar.

Hekking Blåstrupen gøymer reiret godt, helst i kratt nær vatn. Paret byter på å ruge dei 5-7 egga, som er bleikt grønaktige eller blågrøne med rustraude flekkar. Egga vert klekte etter fjorten dagar.

Føde Føda er samansett av insekt i ulike stadium, både vaksne, larver og pupper. I tillegg et dei mykje markar. Maten finn blåstrupa på fuktige plassar og nær vatn.

Trekktilhøve Blåstrupen er ein trekkfugl som kjem til landet i april og flyg sørover i september. Fuglen opptrer skjult på trekket og er lett å oversjå. Truleg flyg dei skandinaviske fuglane søraustover mot det sørvestlege Asia.

Kjelder Bjørn Njørnsrud og Gunnar Lid: Fugleboka 200 norske fuglar i fargar ISBN 82-90203-02-0 Norsk Fugleatlas, 1994. Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Flugesnapparfamilien Kategori:Fuglar i Noreg