Tobol (kasakhisk Тобыл, Tobyl; russisk Тобол, Tobol) er ei elv i Kasakhstan og Kurgan og Tjumen oblast i Russland. Ho renn frå Uralfjella og munnar ut i Irtysj som ei av sideelvane frå venstre. Tobol er 1 591 km lang og har eit nedslagsfelt på 426 000 km². Dei nedre delane av elva frys til seint i oktober eller november og tinar opp att i april eller tidleg i mai. Tobol er farbar frå elvemunningen og 437 km oppover.

Historie Tobol var ein av fire viktige elvar i Det sibirske khanatet. I 1428 vart khanen drepen i eit slag mot styrkane til Abu'l-Khayr Khan.Forsyth, James (1992) A History of the Peoples of Siberia: Russia's North Asian Colony, 1581-1990 Cambridge University Press, Cambridge, UK, s.25, ISBN 0-521-47771-9

Byar ved Tobol Tobolsk Lisakovsk Rudni Kostanaj Kurgan Jalutorovsk

Størst sideelvar Uj Iset Tura Tavda Ubagan

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tobol River» frå , den 14. januar 2008.

Fotnotar

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Kasakhstan Kategori:Elvar i Kurgan oblast Kategori:Elvar i Tjumen oblast