Enguresjøen er ein innsjø i Latvia. Han ligg vest i landet i Talsi fylke og er den tredje største i Latvia etter Lubāns og Rāzna.

Enguresjøen var tidlegare ein lagune og er berre skild frå sjøen av ein 1,5 til 2,5 km brei sandbanke. Utsiget er den kunstige Mersragakanelen som vart grave ut i 1842. Innsjøen er eutrofisk og er stort sett overgrodd av siv. Han inneheld 16 fiskeartar.

Heile innsjøen og området rundt har vore ein del av Enguresjøen naturpark sidan 1999, men det første naturreservatet vart oppretta her i 1957. I innsjøen ligg det ei flytebrygge som ornitologar nyttar. Innsjøen vart ein del av Ramsarkonvensjonen si liste i 1995.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lake Engure» frå , den 20. januar 2008. oppgav desse kjeldene: Naturbevaringsplan for Engursjøen naturpark www.ezeri.lv

Kategori:Innsjøar i Latvia