mini|Europa på 800-talet Livland er eit historisk landskap i Baltikum som var busett av austersjøfinsktalande livarar frå området Metsepole med senter i Turaida. Den viktigaste herskaren i det gamle Livland var Kaupo.
Under det liviske krosstoget vart det gamle Livland kolonisert av Broderskapet av Kristi Riddarar i Livland, seinare berre kalla Sverdbrodarordenen og namnet Livland vart så nytta om eit mykje større område, Det liviske forbundet på austkysten av Austersjøen, som i dag er Latvia og Estland. Livland grensa mot Rigabukta og Finskebukta i nord, Peipussjøen og Russland i aust, og Litauen i sør.
Livland var busett av forskjellige baltarar og austersjøfinsktalande folk og styrt av ein øvre klasse av baltiske tyskarar. Etter kvart vart noko av adelen polonisert inn i den polsk-litauiske adelen (Szlachta) eller russifisert inn i den russisk adelen (Dvorjanstvo).
Historie På 1100-talet var Livland eit område der danskane og tyskarane utvida dei økonomiske og politiske områda sine, særleg gjennom Hansaen og cisterciensarordenen. Rundt 1160 oppretta hansakjøpmenn frå Lübeck ein handelspost nær staden der Riga seinare vart grunnlagd av Albrecht von Buxthoeven i 1201. Han gav ordre om å få bygd ei domkyrkja og vart den første fyrstbiskopen av Livland.
Det liviske krosstoget mini|Baltiske stammer, om lag 1200
Henrik av Livland sine krøniker frå 1220-åra gjev ei førstehandsforteljing om kristninga av Livland som vart gjeve som eit len av Hohenstaufenkongen av Tyskland, Filip av Schwaben, til biskop Albert av Buxthoeven, nevøen til erkebiskopen av Bremen. Han segla med ein konvoi med væpna krossfarar for å opprette eit katolsk område i aust under det liviske krosstoget.
Klosterstaten til Den tyske riddarordenen
mini|Klosterstaten til Den tyske riddarordenen.
Frå 1236 bestod Livland av følgjande inndeling: ein stat styrt av Sverdbrodarordenen grunnlagd av Albert i 1202, som vart slått i lag med Den tyske riddarordenen i 1237; Erkebispedømet Riga (sidan 1255); Bispedøma Kurland, Ösel-Wiek og Dorpat, der bror til Albert, Hermann sette seg sjølv inn som fyrstbiskop (Det liviske forbundet).
Det liviske forbundet mini|venstre|Det liviske forbundet om lag 1260 Forskjellige statar i Livland og i dagens Estland vart samla saman i Det liviske forbundet frå 1228 til 1560-åra. Det liviske forbundet var eit forbund av sjølvstendige statar. Ein riksdag eller Landtag vart oppretta i 1419. Byen Walk vart vald som stad for riksdagen.
Hertugdømet Livland
I 1561 under den liviske krigen fall Livland inn under Storhertugdømet Litauen som ein vasallstat. Åtte år seinare, i 1569 då Storhertugdømet Litauen og Kongedømet Polen vart slått saman til Den polsk-litauiske realunionen vart Livland ei kort tid styrt direkte under kongen og storhertugen .
Kongedømet Livland
Russland respekterte først i 1582 polsk-litauisk kontroll over Livland. I 1598 var Livland delt inn i: Wenden voivodskap (województwo wendeńskie, Cēsis / Wenden) Dorpat voivodskap (województwo dorpackie, Tartu / Dorpat) Parnawa voivodskap (województwo parnawskie, Pärnu / Pernau / Parnawa)
Svensk Livland
mini|Den polsk-litauiske realunionen med inndelingane etter freden i Deulino i 1618, vist oppå dagens landegrenser.
Sverige fekk kontroll over det nordlege Estland og dei sentrale latviske områda av Livland, inkludert Riga, etter å ha kjempa i den polsk-svenske krigen i 1620-åra. Det vart innlemma i Sverige som Svensk Livland.
Livland voivodskap
Livland voivodskap (latvisk Livonijos vaivadija; polsk Województwo inflanckie) var ei administrativ eining med lokalt styre i was a unit of administrative division and local government in the Hertudømet Livland, ein del av Den polsk-litauiske realunionen, etter at det vart oppretta 1620-åra ut frå Wenden voivodskap og fram til den første delinga av Polen i 1772.
Inflanty
Delen av Livland som vart verande ein del av den polsk-litauiske realunionen etter Oliva-traktaten i 1660 vart kjend som Polsk Livland eller Inflanty. Det bestod hovudsakleg av det sørlege latviske området Latgale i Livland voivodskap med hovudstad i Daugavpils, eller Dyneburg.
Riga gubernija
Det russiske keisardømet erobra Svensk Livland under den store nordiske krigen og det vart annektert som følgje av Nystad-traktaten i 1721. Russland fekk så Polsk Livland i 1772 under delinga av Polen. Livland vart så ein del av Riga gubernija.
Livland gubernija
I 1796 vart Riga gubernija omdøypt til Livland gubernija (russisk Лифляндская губерния, Lifljandskaja gubernija, latvisk Vidzemes guberņa).
Guvernørgeneral av Estland, Livland og Kurland
Frå 1845 til 1876 vart dei baltiske guvernementa Estland, Livland og Kurland, eit område som grovt sett var det same som det liviske forbundet, administrativt underlagt ein felles guvernørgeneral. Av personar i stillinga finn ein grev Aleksander Arkadjevitsj Suvorov og grev Pjotr Andrejevitsj Sjuvalov.
Det sameinte baltiske hertugdømet mini|venstre|Latvia rundt Riga, Estland rundt Tallinn i 1920
Livland vart verande ein del av Det russiske keisardømet fram til slutten av den første verdskrigen då det vart delt mellom dei nyleg sjølvstendige statane Latvia og Estland. I 1918–1920 kjempa både sovjetiske troppar og det tyske Freikorps mot latviske og estiske troppar om kontroll over Livland, men dei vart stoppa.
Vidzeme i det sjølvstendige Latvia
I det sjølvstendige Latvia mellom verdskrigane vart det sørlege Livland ein administrativ region med det tradisjonelle latviske namnet Vidzeme, som omslutta dei då mykje større fylka Riga, Cēsis, Valmiera og Valka.
Baltikum
Det historiske landet Livland har vore delt mellom Latvia og Estland sidan den gong. Framleis er det folk som talar livisk i Latvia, men det er i ferd med å døy ut.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Livonia» frå , den 21. januar 2008.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Deutsch-Baltische Ritterschaften i Livland, Kurland, Estland, Oesel Die Geschichte der Deutschen im Baltikum Die Livländische Ritterschaft Joann Portantiuse Liivimaa kaart 1573. Kart Historie om Latvia ЛИФЛЯНДИЯ Kart over Livland Livland Livisk historie av Uldis Balodis
Kategori:Livland Kategori:Baltikum Kategori:Latvisk geografi Kategori:Latvisk historie Kategori:Livisk historie Kategori:Estisk historie Kategori:Polsk historie