Borisoglebsk (russisk Борисогле́бск) er ein by i Voronezj oblast i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Vorona, nær munningen i Khopjor, rundt 200 km aust for Voronezj.

Borisoglebsk vart grunnlagt i 1698 og er kalla opp etter dei to russiske helgenane Boris og Gleb. Staden fekk bystatus i 1779.

Borisoglebsk flybase ligg 6 km aust for byen.

Kjende personar frå Borisoglebsk Ivan Fioletov – kjend bolsjeviksk revolusjonær

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1698