100 Hekate er ein stor hovudbelteasteroide. Han går i bane i den same regionen som Hygiea-familien, men har ikkje noko med familien å gjera bortsett ifrå banen. Albedoen hans på 0,19 er for høg, og han er av feil spektralklasse til å vera del av Hygiea-familien, som består av mørke C-type-asteroidar.
Hekate var den hundrede asteroiden oppdaga; oppdaga av J. C. Watson den 11. juli 1868. Han er namnsett etter Hekate, gudinna for heksekunstar i gresk mytologi, men namnet speglar òg at asteroiden er nummer eitt hundre ved at hekaton er gresk for 'hundre'.
Sett frå jorda okkulterte Hekate ei stjerne den 14. juli 2003. Okkultasjonen vart observert frå New Zealand.
Kjelder
Kategori:S-type-asteroidar Kategori:Asteroidar Kategori:Hovudbelteasteroidar