Ettelbruck (luxembourgsk Ettelbréck, tysk Ettelbrück) er ein by sentralt i Luxembourg med 7 500 innbyggjarar. Han ligg der elvane Sûre og Alzette renn saman. Byen høyrer til kantonen Diekirch i Diekirch distrikt.
Byen Ettelbruck, ligg aust i kommunen med same namn, og har like over 6 000 innbyggjarar. Andre byar i kommunen er Warken.
Ettelbruck er eit jernbaneknutepunkt der linja til Diekirch møter hovudlinja mellom Luxembourg by og Liège. Ettelbruck er eit senter for utdanning og medisin nord i byen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ettelbruck» frå , den 30. januar 2008.
Kategori:Byar i Luxembourg