Ohrid (makedonsk Охрид) er ein by og ein kommune på austkysten av Ohridsjøen i regionen Sørvest i Nord-Makedonia. Kommunen fekk sitt noverande omfang i 2013, då den tidlegare kommunen Kosel vart innlemma i kommunen.
Kommunen har eit areal på 389,93 km². I 2021 hadde kommunen 51 428 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 38 818 innbyggjarar.
Byen er kjend for ein gong å ha hatt 365 kyrkjer, ei for kvar dag i året, og vart kalla den makedonske Jerusalem.Informasjonsdatabase for Ohrid Byen har mange vakre hus og monument og turismen er ei viktig næring. Han ligg aust for Elbasan og Tirana i Albania, sørvest for Skopje, og nordvest for Resen og Bitola.
I 1980 vart Ohrid og Ohridsjøen innskriven på UNESCO si verdsarvliste.
I Ohrid finst òg eitt av dei største sjukehusa i Nord-Makedonia.
Historie Byen har eksistert sidan antikken, då som Lychnidos. Den romerske vegen Via Egnatia gjekk gjennom Lychnidos. Namnet Ohrid vert første gong nemnd i 879. Det er vorte hevda at det kyrilliske alfabetet vart utvikla i Ohrid av Sankt Klemens av Ohrid, men dette er usikkert og det er meir truleg at det vart utvikla av den litterære skulen i Preslav. Ohrid var eit viktig kulturelt sentrum der det vart produsert skrifter ved den litterære skulen her.
I år 1000 var Ohrid ein kort periode hovudstad i Det første bulgarske riket. Byen var då òg sete for erkebispedømet i Ohrid og det vart bygd mange kyrkjer.
Busetnader i kommunen Dei største busetnadene i kommunen var: Busetnad Folketal 2002Folketeljing 2002, detaljerte resultat Folketal 2021 Ohrid 42 033 38 818 Velgosjti 3 060 3 141 Leskoets 2 595 2 405 1 326 1 145 53 889 1 1 043 – 1 Ratsja rekna inn i Velestovo i 2021
Bakgrunnsstoff
Offisiell turistside travel-macedonia.net www.visitohrid.com.mk Bilete frå Ohrid
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ohrid» frå , og «Ohrid» frå den 2. februar 2008.
Kategori:Byar i Nord-Makedonia Kategori:Verdsarv i Nord-Makedonia Kategori:Kommunar i Nord-Makedonia Kategori:Busetnader i Statistisk region Sørvest