Dei maltesiske øyane er ei øygruppe i Middelhavet som dannar staten Malta. Den største øya er sjølve øya Malta og Gozo. Andre øyar i øygruppa er Comino (Kemmuna), Cominotto (Kemmunett, ikkje busett), Filfla (ikkje busett), Fungus Rock (Il-Ġebla tal-Ġeneral, ikkje busett), Manoel (som har brusamband til byen Gżira på Malta) og St. Paulus-øya (ikkje busett). Dei maltesiske øyane har vore ein sjølvstendig republikk sidan 1974. Administrasjonssenteret og senter for handel og kultur er hovudstaden Valletta på austkysten av Malta.
Dei maltesiske øyane er hovudsakleg romersk-katolsk og Paulus og Jomfru Maria vert rekna som vernehelgenar.
Liste over øyane Dette er ei liste over Dei maltesiske øyane:
Comino Cominotto Delimara Filfla Fungus Rock Għallis Gozo St. Paulus-øya Malta Manoel Qawra Xrob l-Għaġin Island
Sjå òg Malta
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Maltese Islands» frå , den 3. februar 2008.
Maltesiske øyane Maltesiske øyane