Tiraspol (moldovsk kyrillisk Тираспол, russisk Тирасполь) er den nest største byen i Moldova og hovudstaden og det administrative senteret i det de facto sjølvstendige, ikkje-respekterte området Transnistria. Byen ligg på austsida av elva Dnister og har mykje forskjellig lettindustri, som produksjon av møblar og elektriske varer.

Tiraspol vart grunnlagd av den russiske generalen Aleksander Suvorov i 1792. Byen feriar årsdagen sin kvar år den 14. oktober.

Administrativ inndeling Formelt sett er Tiraspol ein større bykommune (municipiu) i den autonome regionen Venstre breidd av Dnister i Moldova, og tilliks med Chișinău og Bălți, blir han rekna å vere på samme nivå som dei 32 distrikta som landet er delt inn i.

Innanfor Transnistria har Tiraspol status som bykommune på nivå med dei fem distrikta. Til bykommunen Tiraspol blir òg rekna: byen Dnestrovsc, av Moldova rekna som ein sjølvstendig mindre bykommune (oraș) i regionen Venstre breidd av Dnister bydelen Tiraspolul Nou, av Moldova rekna som ein sjølvstendig mindre bykommune i regionen Venstre breidd av Dnister landsbyen Cremenciug, av Moldova rekna som ein landkommune i distriktet Căușeni

Folketal Resultat frå dei to siste folketeljingane. For 2015 er det ikkje offentleggjort detaljerte resultat.

Folketal 2004 Folketal 2015 Tiraspol (Тираспол) 144 199 – Dnestrovsc (Днестровск) 12 382 – Tiraspolul Nou (Тирасполул Ноу) 1 488 – Cremenciug (Кременчуг) 1 094 – Bykommunen Tiraspol 159 163 129 367

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tiraspol» frå , den 5. februar 2008.

Referansar

Averko, Michael. Russia's Stance on Disputed Territories: Just How "Hypocritical" is it? The American Journal of Russian and Slavic Studies. Vitja 27. des. 2006 Artikkel i avisa Tiraspol 14. oktober 2006. Vitja 20. februar 2007

Bakgrunnsstoff

Kategori:Bykommunar i Moldova Kategori:Byar og tettstader i regionen Venstre breidd av Dnister Kategori:Bykommunar i Transnistria Kategori:Byar og tettstader i bykommunen Tiraspol