Cetinje (kyrillisk Никшић, italiensk Cettigne, gresk Κετίγνη, Ketígni, tyrkisk Çetine) er ein by og ein kommune i Montenegro. Ved folketeljinga i 2023 hadde kommunen 14 494 innbyggjarar.
Cetinje var tidlegare hovudstad i Montenegro og offisiell residens for presidenten av Montenegro. Kommunen har ein særleg status som historisk hovudstad og blir offisielt omtala som «den gamle kongelege hovudstaden Cetinje» (Prijestonica Cetinje / Пријестоница Цетиње).
Byen ligg sør i kommunen med same namn på ei lita karstslette omgjeve av kalksteinsfjell, inkludert Lovćen, «det svarte fjellet» som Montenegro har fått namnet sitt etter.
Cetinje er ein by med stor historisk arv og vart grunnlagd i 1482. Han var eit senter for montenegrinsk liv og er krubba til både montenegrinsk og serbisk kultur og eit religiøst senter for den ortodokse kyrkja. Dette og den lange tida byen klarte å stå imot invasjonen til Det osmanske riket gjorde at han vart kalla «Serbisk Sparta» (Српска Спарта).
Busetnader Dei største busetnadene i kommunen:
Folketal 2003 Folketal 2011 Folketal 2023 Cetinje 15 137 13 918 857 781 216 175 148 119 113 95 Kommunen Cetinje 18 482 16 657 14 494
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cetinje» frå , den 7. februar 2008.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell side Visit-Montenegro.com Photo-Montenegro.com
Kategori:Kommunar i Montenegro Kategori:Byar og tettstader i Sentralregionen i Montenegro Kategori:Tidlegare hovudstader