Bjørkeslekta (Betula) er ei planteslekt i bjørkefamilien. Slekta har om lag 60 artar. Nokre av desse er vanlege lauvtre i Noreg, der ein finn artar som dvergbjørk, dunbjørk og hengebjørk.
mini|Bjørkeblad
Skildring Artar i bjørkeslekta veks gjerne til små tre eller buskvekstar i temperert klima. Ulike artar dannar lett hybridar, og det finst mange ulike mellomformer.
Vanleg bjørk blir typisk 3-15 m høg, medan hengebjørk kan bli opptil 30 m høg. Fleire typar kan ha delvis kvit bork.
Blada er middels til lysegrøne, og vert gule om hausten før dei fell av. Blomane sit i rakler. Allergi mot bjørkepollen er vanleg.
Bruk mini mini|Ein bjørkestamme dominerer i «Våren», måla av Carl Larsson i 1907.
I Skandinavia blir nye skot hos bjørka gjerne sett på som eit teikn på våren, og det er vanleg å pynta med slike greiner på den norske grunnlovsdagen.
Som trevyrke
Bjørkeved er middels tung, hard og seig blant tresortane i Noreg. Dei ulike bjørkesortane gjev temmeleg likt vyrke. Treet kan lett bli skada av fukt, og må vølast før det blir brukt utandørs. Vyrket er derimot godt eigna til å laga møbel, golv, finér og mindre ting av tre. Bjørk blir òg mykje brukt til å laga papirmasse og til fyringsved.
I matlaging Blada til bjørka kan nyttast som smaktilsetjing både ferske og tørka, og kan brukast blant anna på poteter. Lauvet, som inneheld ein særs høg konsentrasjon av glukose på våren kan då nyttast til å laga ein søtleg og smakfull te.
Mange legg bjørkepinnar nedst i gryta når dei dampkokar pinnekjøt.
Søtstoffet xylitol blir gjerne utvunne av bjørkeved.
Bjørkenever Never har vore det vanlege underlaget for torv til taktekking (torvtak). Never har og vore brukt som kapillærbrytande sjikt for å isolere mot fuktvandring i bygningskonstruksjonar, til innvendig isolasjon, og til mange slags bruksting, som lurar, buttar, kontar og øskjer. Bjørka inneheld stoffet betulin, som er bakteriehemmande og gjer at mjølkeprodukt held seg betre i kar av bjørk.
Bjørkebork, laget under den kvite nevra, har vore brukt til garving og til barking av fiskegarn.
Artar Bjørketypar frå Eurasia er mellom anna Betula aetniensis Betula albosinensis— kinaraudbjørk Betula albosinensis var. septentrionalis Betula alnoides Betula austrosinensis Betula carpatica Betula chinensis— kinesisk bjørk Betula dalecarlica Betula ermanii Betula grossa Betula jacquemontii (Betula utilis ssp. jacquemontii) Betula humilis eller Betula kamtschatica— lågbjørk Betula litvinovii Betula mandschurica Betula mandschurica var. japonica Betula maximowiczii Betula medwediewii Betula nana— dvergbjørk, risbjørk (finst også nord i Nord-Amerika) Betula pendula— hengebjørk Betula pendula lapponica — lapplandsbjørk Betula pendula pendula — låglandsbjørk Betula platyphylla (Betula pendula var. platyphylla) Betula pubescens— dunbjørk Betula pubescens ssp tortuosa— fjellbjørk Betula szechuanica (Betula pendula var. szechuanica) Betula tianshanica Betula utilis— himalayabjørk
Bjørker frå Nord-Amerika er mellom anna Betula alleghaniensis — eng. yellow birch (B. lutea) Betula cordifolia— eng. mountain paper birch Betula glandulosa— eng. American dwarf birch Betula kenaica— eng. Kenai birch Betula lenta— eng. sweet birch, cherry birch, black birch Betula lenta ssp. uber— virginiabjørk Betula michauxii— eng. Newfoundland dwarf birch Betula minor— eng. dwarf white birch Betula nana— dvergbjørk, risbjørk (finst også i Eurasia) Betula neoalaskana— eng. Alaska birch, Yukon birch Betula nigra— svartbjørk Betula occidentalis— eng. water birch, red birch (B. fontinalis) Betula papyrifera— eng. paper birch, canoe birch, American white birch Betula populifolia— eng. gray birch Betula pumila— eng. swamp birch
Kjelder
Slekt: Bjørkeslekta (Betula), Miljolare.no Årsmelding for 2008, rogalandarboret.no (artsnamn) BJØRK Betula spp., Urtekildens planteleksikon
Denne artikkelen bygger på «Birch» frå , den 29. mars 2014.
Bakgrunnsstoff
Den virtuella floran - bjørk
Kategori:Tre Kategori:Bjørkefamilien Kategori:Lauvtre Kategori:Planteslekter