mini|Herschel-krateret Herschel er eit gigantisk nedslagskrater på saturnmånen Mimas. Det er namnsett etter astronomen William Herschel frå 1700-talet, som oppdaga Mimas i 1789.
Krateret er så stort at det er overraskande at Mimas ikkje blei knust under nedslaget som laga det. Krateret måler 130 kilometer på tvers, omtrent 1/3 av den totale diameteren til månen; kraterveggane er omtrent fem kilometer høge, nokre delar av kraterbotnen ti km djupe og fjellet midt i krateret strekkjer seg seks km over kraterbotnen. Om eit krater på jorda skulle ha hatt same proporsjonar som Herschel i forhold til Mimas, ville det ha målt over 4000 km i diameter, breiare enn Canada. Nedslaget som danna Herschel-krateret må nesten ha øydelagd Mimas; sprekkar på andre sida av månen som kan sjåast, kan ha vore eit resultat av sjokkbølgjene som reiste gjennom månen like etter nedslaget.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Herschel (crater on Mimas)» frå , den 8. februar 2008.
Herschel