Kateket (gresk: kathekein, «undervise») er ein kyrkjeleg tilsett med undervisningsoppgåver i kyrkjelyden.
Den norske kyrkja
Katekettenesta vart innført i Den norske kyrkja ved lov av 19. juni 1969, ei lov som vart oppheva då kyrkjelova trådde i kraft 1.1.1997. Kateketar er utdanna spesielt for undervisningsarbeidet, spesielt konfirmantundervisning og ungdoms- og studiearbeid, men òg anna dåpsopplæring.
Etter tenesteordninga skal dei som tilsetjast som kateketar ha minst fire års utdanning som omfattar utdanning i kristendomskunnskap, pedagogikk eller teologi, eller vere vigsla eller fast tilsett som kateket.
Kateketar i Den norske kyrkja er tilsette med Kyrkjeleg fellesråd som arbeidsgjevar. Kateketen kan verte vigsla etter forodna liturgi, og han står under tilsyn av biskopen.
Bakgrunnsstoff Tenesteordning for kateketar Retningsliner for kateketens og diakonens funksjonar i gudstenesta Vigsling til kyrkjelg tenste Den norske kyrkja
Kategori:Kyrkjelege titlar