Tangelvelibelle (Onychogomphus forcipatus) er ein augestikkar som lever i Noreg.
I Noreg lever libellen i eit avgrensa område på Sør- og Austlandet, frå Arendal til svenskegrensa, nordover til ca. 60,5 °N. Arten var ein av dei 17 augestikkarane som var ført opp på norsk raudliste 2006, som nær trug. I Norsk rødliste for arter 2021 er han rekna som livskraftig.
Tangelvelibelle finst i Sverige og Finland, der arten kan vera nokså vanleg i utbreiingsområda sine, men er rekna som utrydda i Danmark.
Kjelder
Norsk Raudliste 2006, 8MB
Bakgrunnsstoff
Kategori:Augestikkarar