Virgin Records var eit engelsk plateselskap starta av dei engelske entreprenørane Richard Branson og Nik Powell i 1972. Selskapet vart seinare seld til Thorn EMI og fusjonerte så med Capitol Records for å lage Capitol Music Group i 2006.
Plateselskapet starta som ei lita platesjappe som spesialiserte seg på import av krautrock. Etter at butikken vart ein suksess starta dei eit fullstendig plateselskap. Det første albumet på selskapet var det progressive rockealbumet Tubular Bells av Mike Oldfield i 1973.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Virgin» frå , den 10. februar 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Britiske plateselskap Kategori:Skipingar i 1972 Kategori:Britiske plateselskap