Riksveg 5 (Rv5) er ein stamveg som går mellom Ytre Sunnfjord og Indre Sogn i Vestland fylke. Vegen (unnateke ferjestrekninga og felles trasé med E39) er 152,7 km lang.

Med utgangspunkt der Europaveg 16 går inn i Lærdalstunnelen, omtrent fem kilometer sørom Lærdalsøyri, går vegen nordvest til Sogndal og Fjærland og derfrå nordover til Jølster og så vestover til Florø.

Historikk Riksveg 5 hadde opphavleg traséen Florø - Eikefjord - Ramsdalsheia - Naustdal - Førde - Moskog - Gaularfjellet - Dragsvik - Hella - Sogndal - Kaupanger. Samstundes i 1986 vart den nye Riksveg 625 mellom Skei og Fjærland opna av tidlegare visepresidenten i USA, Walter F. Mondale.

Fjærland - Lærdal Strekninga mellom Fjærland og Sogndal vart ferdig i 1994 som ny Riksveg 5, og med dette vart òg Riksveg 625 innlema som del av nye Rv5 mellom Førde og Sogndal. Riksveg 13 overtok gamle Rv5 mellom Dragsvik og Moskog, og den tidlegare delstrekninga av Rv13 mellom Dragsvik og Vadheim vart saman med tidlegare Riksveg 5 mellom Hella og Sogndal lagde til som ei forlenging av dåverande Riksveg 55 mellom Lom og Sogndal. I 2010 vart Rv13 mellom Dragsvik og Moskog skild ut som Fylkesveg 13, og i 2019 fekk vegen den nye nemninga fylkesveg 613. Samstundes vart Hella - Sogndal felles trasé for Rv13 og Fv55.

I 1995 vart den nye vegen mellom Kaupanger og Mannheller ferjekai opna, i tillegg til Fodnestunnelen mellom Aspvikane og Lærdalsøyri. Då hadde strekninga Fodnes ferjekai - Aspvikane allereie vore open sidan 1993 som del av forlenginga av Riksveg 53 frå Årdal, og denne vart nå del av Rv5. Vidare med opninga av Lærdalstunnelen i 2000 vart gamle Europaveg 16 mellom Lærdal ferjekai og Håbakken lagt til som ei ny forlenging av riksvegen.

Førde - Florø Mellom Førde og Florø opna Naustdalstunnelen i 1995 mellom Jonstad og Svarthumla, og med dette vart gamle Riksveg 5 mellom Jonstad og Nyheim del av dagens Fylkesveg 5691. Vidare vart strekninga mellom Nyheim og Åmotsstølane del av dagens Fylkesveg 5694, og gamlevegen mellom Åmotsstølane over Ramsdalsheia til Svarthumla vart kommunal veg.

Ny veg på strekninga Svarthumle–Brandsøy vart opna 6. juli 2005 etter at det hadde pågått arbeid sidan 1999. Mellom Svarthumle og Brekka har vegen den gamle traséen, bortsett frå ny bru på Storebru. Vidare vestover frå Brekka til Eikefjord er gamlevegen omklassifisert til kommunal veg, og vidare til Kvalvik er gamlevegen del av Fylkesveg 611. Gamlevegen gjennom Hatleset er kommunal veg medan gamlevegen på sørsida av Brandsøy er dagens Fylkesveg 5704.

Fjærland - Førde I 2006 opna ny Riksveg 5 mellom Kjøsnes og Vika utanfor Skei, og gamlevegen står att som tilkomstveg i begge retningar frå Fylkesveg 5690. Grunna fara for ras langsmed Kjøsnesfjorden vart det bygd tunnelar i fleire omgangar. I 2009 opna Støylsnestunnelen (2,7 km) mellom Føreneset og Lunde, og gamlevegen vart stengd for trafikk. I 2022 opna ei forlenging av Støylsnestunnelen til Kjøsnes, og tunnelen fekk det nye namnet Kjøsnestunnelen. Gamlevegen er tilkomstveg for Vikane frå Kjøsnes.

Kommunar og knutepunkt

Endepunkt Fugleskjærsgata, Florø → Hurtigruta, bilar kan takast med → Rutebåt Florabassenget, einskilde avgangar kan ta med bilar, sjå Skyss Kommunal veg → ringveg til Florø samfunnshus → Firdavegen til Brandsøysundet (5,9 km) (gamle hovudvegen ut av Florø) Botnaneset Brandsøysundet → Brandsøyvegen til Florø samfunnshus (5,9 km) (gamle hovudvegen til Florø) Brandsøy bru (20 m) Helgøytunnelen (238 m) Sundafjelltunnelen (1883 m) Grovanestunnelen (47 m) Grov → Magnhildskarvegen gjennom Bremanger kommune til Stårheim Hatlesettunnelen (41 m) Kvalvik → Hovlandsvegen til Naustdal om Eikefjord og Stavang (60,2 km) Hovlandstunnelen (183 m) Storebru → Hyevegen til Hyen og Sandane Svarthumla → kommunal veg Ramsdalsvegen til Åmotsstølane (gamle Riksveg 5 over Ramsdalsheia) Naustdalstunnelen (5970 m)

Jonstad til Nes (hovudvegen gjennom Naustdalen) Naustdal → Fjordavegen til Eikefjord om Stavang

Bjørnsnestunnelen (288 m) Hornnestunnelen (191 m) Klettatunnelen (284 m) Storehagen til Botnen (hovudvegen gjennom Angedalen) Førde → Hafstadvegen til Espeland, Vadheim, og vidare til Bergen og Kristiansand → mot Askvoll → mot Førde lufthamn, Bringeland felles trasé til Skei Krohnborg → Krohnborgvegen til Vie og Prestefoss bru Sunde → Sundsdalen til Masdal (7,0 km) Moskog → Holsavegen til Gaular og Dragsvik

Vassenden → Nikolai Astrups veg om sørsida av Jølstravatnet til Kjøsnes (22,6 km) Ålhus → Ålhusvegen til Indrebø og Skjervane (5,7 km) Skjervane → Ålhusvegen til Indrebø og Ålhus (5,7 km) Skei → Jølstravegen til Byrkjelo, Sandane, Nordfjordeid, og vidare til Molde og Trondheim Kjøsnes → Nikolai Astrups veg om sørsida av Jølstravatnet til Vassenden (22,6 km) Kjøsnestunnelen (8600 m) Fjærlandstunnelen (6397 m)

Bøyabreen Bøyaøyri → Fjærlandsfjorden til Distad (6,3 km) Norsk Bremuseum Holmahaugtunnelen (88 m) Bergstunnelen (2595 m) Berge Fjærlandsfjorden Frudalstunnelen (6758 m) Selseng → Dalavegen til Sogndal (18,9 km) Nedrehagen → Avsølevegen til Lerheim (3,6 km) Sogndal Stedje → Stedjevegen til Hella → Hella-Vangsnes, Voss og vidare til Stavanger → Hella-Dragsvik, Balestrand, Høyanger og Vadheim felles trasé til Nes Sogndal → Dalavegen til Selseng (18,9 km) Hovslund → Fjørevegen til Sogndalsfjøra Nes → Årøyvegen til Gaupne, Sognefjellet og Lom Loftesnesbrua (210,5 m) Kjørnes Valeberg → Fimreitevegen til Fimreite (15,4 km) Sogn folkemuseum Bjørk arm til Kaupanger (2,4 km) Porsmyri → Haukåsvegen til (8,0 km) Kaupanger stavkyrkje Kaupanger ferjekai Kaupanger-Frønningen(-Gudvangen), sjå Skyss Amlatunnelen (2969 m) Mannheller ferjekai Mannheller-Fodnes (15 min., 2 turar/time), sjå Skyss

Fodnes ferjekai Aspevik → Strendene til Årdalstangen, Øvre Årdal og Tyinkrysset Fodnestunnelen (6604 m) Heller bru (142 m) Lærdalsøyri Grandavegen Naustbrui Naustbrui Arm til Habben (0,5 km) Lærdal ferjekai (Aurlandsvegen/Snøvegen) Havnen → Revsnesvegen til Fossheim ved Aurlandsvangen i Aurland kommune Gamle Lærdalsøyri Hauge kyrkje Sviggum → Sjukehusvegen til Stødno, Moldasida og Lunde Lærdal sjukehus Håbakken Lærdalstunnelen

Kjelder

Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Stamvegen - riksveg 5 - mellom Lærdal og Sogndal» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland

Kategori:Riksvegar 005

Kategori:Vegar i Lærdal Kategori:Vegar i Sogndal Kategori:Vegar i Sunnfjord Kategori:Vegar i Kinn