Bergfrue (Saxífraga cotyledon) er ein fleirårig fjellplante i sildrefamilien.
Utsjånad Bergfrua har ein basal bladrosett. Rosetten veks i fleire år før han vert så kraftig at han kan blomstre. Då spring det ut ein kraftig blomsterstand med meir enn hundre kvite blomstrar; bergfrua kan blomstre i mange veker. Oftast er bergrua rundt 25 cm høg, men ho kan nå meir enn halvmeteren Etter fruktmogninga døyr bladrosetten. Nye bladrosettar for nye planter vert laga ved vegetativ formeiring i åra før plante blømer.
Økologi Bergfrua veks i bergsprekker og på fjellhyller, gjerne på utilgjengelege stader. Helst vil ho ha kalkhaldig berg. Ho treng luft med god råme, difor veks ho ofte under fosserøyk . Ho har hovudleveområdet sitt i Noreg, men finst òg i Jämtland og i Lapplandsfjella, på Island, i Alpane og i Pyreneane.
Kultur Bergfrua er kåra til norsk nasjonalblomster (ved sida av røsslyng), fylkesblomster i Møre og Romsdal og kommuneblomster i Valle kommune. Ho har mange folkelege namn:
Fjelldronning Bergabrur Lilja Venegut Sifylle (Telemark) mini|Etter bløminga døyr bladrosetten. Dei små bladrosettane er frå vegitativ formeiring tidlegare år
Kjelder Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2 C.A:M. Lideman Nordens Flora Gyldendal Norsk Forlag 1977 ISBN 82-05-08681-8 Knut Fægri: Norges planter J.W. Cappelens Forlag 1958 Botanisk museum
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sildrefamilien Kategori:Viltveksande plantar i Noreg Kategori:Møre og Romsdal fylke