129 Antigone er ein stor hovudbelteasteroide. Radarobservasjonar indikerer at han er samansett nesten av reint nikkel-jern. Han og andre liknande asteroidar har sannsynleg sitt opphav i kjernen til ein Vesta-liknande planetsimal som hadde eit differensiert indre. Han blei oppdaga av C. H. F. Peters den 5. februar 1873 og er namnsett etter Antigone, prinsessa frå Theben (Thíva) i Hellas i gresk mytologi.
I 1979 blei det rapportert om at Antigone kanskje hadde ein naturleg satellitt. Forslaget var basert på studie av lyskurvedata. http://www.johnstonsarchive.net/astro/asteroidmoonsq.html Ein modell av Antigone konstruert ut i frå desse dataa viser at Antigone er ganske regelmessig forma (rund).
Sidan 1985 har tre stjerneokkultasjonar av Antigone blitt observert.
Bakgrunnsstoff Banesimulasjon frå JPL (Java) / Ephemeris
Fotnotar
Antigone Antigone Antigone