Apeldoorn er ein kommune og by i Nederland i provinsen Gelderland med om lag 165 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 90 km aust for Amsterdam, sentralt i Nederland. Han er eit regionsenter og den vestlege delen av kommunen ligg på ryggen Veluwe, medan den austlege delen ligg i IJsseldalen.

Historie Apeldoorn vart først nemnd på 700-talet som Appoldro. Byen låg der ein gammal veg frå Amersfoort til Deventer kryssa vegen mellom Arnhem og Zwolle. På eit kart frå 1740 vart han kalla AppeldoornStenvert, R. et al. (2000). Monumenten in Nederland: Gelderland, s. 14 og 68–77. Zwolle: Waanders Uitgevers. ISBN 90-400-9406-3.

Like i nærleiken ligg eit palass kalla het Nieuwe Loo (i dag Het Loo) som er den nederlandske kongefamilien sin eigedom. Det var opphavleg ein jaktbustad for hertugane av Gelderland, men dagens utforming kjem stort sett frå tida då statthaldar Vilhelm III av England (1685-1686) budde her.

Byen i dag Apeldoorn var ein relativt uviktig by fram til det vart utført store byggeprosjekt her på 1800-talet og i perioden etter den andre verdskrigen.. Protestantkyrkja vart bygd opp att etter ein brann i 1890. Apeldoorn har i dag store papirfabrikkar, mange kontor og eit forsikringsselskap og ymse andre fasilitetar.

Apenheul er ein dyrepark med forskjellige aper som går fritt laus mellom dei vitjande.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Apeldoorn» frå , den 17. februar 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar i Gelderland Kategori:Byar i Gelderland