mini|Sir Henry Royce mini|Charles Rolls Rolls-Royce er eit britisk industrikonsern, danna av Henry Royce og Charles Stewart Rolls i 1906. Hovudverksemda, gassturbinproduksjon, vart i 1972 nasjonalisert i det som i dag er Rolls-Royce Plc.

Ulike selskap Denne artikkelen tek for seg ulike selskap som er forbundne med Rolls-Royce. Royce & Co Limited som bygde Royce 10 HP og Rolls-Royce 10 HP i tida 1904 - 1906. C.S. Rolls & Co Limited som selde Rolls-Royce bilar i perioden i tida 1904 - 1906. Rolls-Royce Limited som produserte Rolls-Royce bilar og flymotorar i tida 1906 - 1972. Rolls-Royce Plc som produserer flymotorar og ymist anna frå 1972 og framover. Rolls-Royce Motors Limited som produserte Rolls-Royce bilar frå 1972 til og med 2002. Rolls-Royce Marine AS som er brorparten av gamle Ulstein verft i Ulsteinvik i Noreg.

Historie

Henry Royce som laga elektriske heisekraner i foretaket sitt Royce & Co Limited, bygde ein bil i 1904. Modellen Royce 10 HP var tosylindra og ytte 10 hestekrefter. Charles Stewart Rolls, som dreiv bilhandel i London i sitt foretak C.S. Rolls & Co Limited avtala i 1904 at han skulle selje alle bilane Royce kunne produsere, mot at han fekk selja dei med sitt eige namn lagt til som Rolls-Royce. Dermed var eit av historias sterkaste varemerker fødd.

Rolls-Royce Limited Selskapet Rolls-Royce Limited blei ikkje grunnlagt før i 1906, då bilverksemda til Royce og Rolls blei samanslegne.

Rolls-Royce laga flymotorar alt frå 1914. Frå 1939 og til over andre verdskrigen var flymotorar alt Rolls-Royce Limited produserte. I 1946 blei bilproduksjon teken opp att, men verksemda var no radikalt endra slik at bilproduksjon var ein økonomisk nullitet stilt ved sida av flymotorproduksjonen. Bilproduksjonen blei ført vidare som ein måte å halde på tradisjon og varemerke.

Verksemda til Rolls-Royce Limited kollapsa i 1971 etter å ha bruka for store summar på utviklinga av jetmotoren RB 211. Den britiske staten nasjonaliserte då verksemda unnateke bilproduksjonen som isolert sett gjekk med overskot. Bilproduksjonen blei skilt ut i 1973 i eininga Rolls-Royce Motors Limited og vart kjøpt opp av Vickers plc, eit anna britisk industrikonsern.

Rolls-Royce Plc Rolls-Royce Plc blei til etter krisa i 1971 då regjeringa til Edward Heath nasjonaliserte Rolls-Royce Limited. Rolls-Royce Plc blei privatisert att i 1987 og er i dag verdas nest største produsent av gassturbiner og flymotorar. Rolls-Royce Plc eigde merkevara "Rolls-Royce" og Rolls-Royce Motors Limited fekk berre nytte han så lenge dei kunne halde kvaliteten på topp.

Rolls-Royce Motors Limited Rolls-Royce Motors Limited laga biler med merka Rolls-Royce og Bentley i tida 1973 - 1998. Selskapet var eigd av Vickers plc til Vickers selde Rolls-Royce Motors Limited til Volkswagen AG i 1998. I tida 1998 - 2003 bygde Rolls-Royce Motors Limited Rolls-Royce bilar. I 2003 endra eininga namn til Bentley Motors Limited og har etter dette berre bygd biler med merket Bentley.

Bilar mini|Rolls-Royce Silver Ghost fotografert i 1907 1904-1906 10 hp 1905-1905 15 hp 1905-1908 20 hp 1905-1906 30 hp 1905-1906 V-8 1906-1925 Rolls-Royce Silver Ghost 1922-1929 Rolls-Royce Twenty 1929-1935 Rolls-Royce Phantom I 1929-1936 Rolls-Royce 20/25 mini|Rolls-Royce Phantom 1 produsert i Spingfield USA 1929-1935 Rolls-Royce Phantom II 1936-1938 Rolls-Royce 25/30 1936-1939 Rolls-Royce Phantom III 1939-1939 Rolls-Royce Silver Wraith 1949-1955 Rolls-Royce Silver Dawn 1949-1955 Rolls-Royce Silver Wraith 1955-1966 Rolls-Royce Silver Cloud 1959-1968 Rolls-Royce Phantom IV 1959-1968 Rolls-Royce Phantom V 1965-1980 Rolls-Royce Silver Shadow 1968-1991 Rolls-Royce Phantom VI mini|Rolls-Royce Phantom Drop Head Coupe 1971-1996 Rolls-Royce Corniche 1975-1986 Rolls-Royce Camargue 1980-1998 Rolls-Royce Silver Spirit 1998-2002 Rolls-Royce Silver Seraph 2000-2002 Rolls-Royce Corniche(Seraph) 2003 - Rolls-Royce Phantom (BMW)

Flymotorar

Liste over Rolls-Royce flymotorar. Lista er ikkje komplett. Rolls-Royce Avon mini|Concorde hadde fire Rolls-Royce Olympus motorer under vingene Rolls-Royce Buzzard Rolls-Royce Condor Rolls-Royce Conway Rolls-Royce Dart Rolls-Royce Derwent Rolls-Royce Eagle Rolls-Royce Falcon Rolls-Royce Goshawk Rolls-Royce Griffon Rolls-Royce Hawk Rolls-Royce Kestrel Rolls-Royce Merlin Rolls-Royce Nene mini|Rolls-Royce Trent 900 på Airbus A380 Rolls-Royce Peregrine Rolls-Royce Spey Rolls-Royce Tay Rolls-Royce Vulture Rolls-Royce Welland Rolls-Royce/Snecma Olympus Rolls-Royce Trent

Ulsteinvik Vickers plc selgde Rolls-Royce Motors Limited til Volkswagen i 1998. Delar av kjøpesummen nytta Vickers plc til å kjøpe brorparten av Ulstein-gruppen i Ulsteinvik. Vickers blei med dette oppkjøpet verdensledende på teknologi for framdrift av skip. Rolls-Royce plc hadde ein aukande verksemd innanfor framdrift av skip. Rolls-Royce plc byggjer til dømes gassturbinar som vert nytta som skipsmotorar. Lagnaden ville det slik at Rolls-Royce plc kjøpte heile Vickers plc i 1999, året etter at Vickers hadde selgd bildivisjonen til Volkswagen. Verksemda i Ulsteinvik vert no drive i eininga Rolls-Royce Marine AS. Rolls-Royce Marine AS er 100 % eigd av Rolls-Royce Plc.

Bakgrunnsstoff

Rolls-Royce Plc Rolls-Royce Enthusiasts' Club Norge

Kategori:Britiske bilprodusentar Kategori:Skipingar i 1906