Norsk Sjømannsforbund (NSF) er eit fagforbund som vart stifta 25. september 1910 under namnet Norsk Matros- og Fyrbøter-Union. Namnet forbundet har i dag er frå 1933. Forbundet organiserer utanriks- og cruiseflåten, ferjene, supplybåtane, fiskeriflåten og innanriksfarten. Forbundet har vel 11 500 medlemmar, der rundt 8500 er yrkesaktive. Det største einskildreialaget er Color Line med over 1400 yrkesaktive medlemmar i NSF. Forbundsleiar er Kurt Inge Angell.

Forbundet vart tilslutta Landsorganisasjonen (LO) alt ved stiftinga i 1910, og vart med i Nordisk Transportarbeidarføderasjon, Den Europeiske Transportarbeidarføderasjonen og Den Internasjonale Transportarbeidarføderasjonen. NSF har hovudkontor saman med Norsk Sjøoffisersforbund, som òg står i LO, og med Det norske maskinistforbund som står i Unio, ein type samarbeid på tvers av hovudorganisasjonar som er uvanleg for fagforbund i Noreg.

Forbundet var truleg einaste norske fagforbund som fekk førebudd realistiske krigskriseplanar etter utbrotet av andre verdskrigen i 1939, og forbundsleiinga i Norsk Sjømannsforbund vart dermed det einaste norske fagforbundsleiinga som klarte å flykte frå den tyske okkupasjonen av Noreg 9. april 1940. Denne kriseplanen vart dermed ein del av innsatsen for å hindre at den norske handelsflåten fall i tyske hender i samband med okkupasjonen. Den norske handelsflåten vart organisert i Nortraship, som då vart verdas største reiarlag, styrt av den norske eksilregjeringa i London.

Sidan Norsk Sjømannsforbund var einaste forbund i LO som hadde ei leiing utanfor det okkuperte Noreg vart dei fleste LO-medlemmar i eksil, inkludert Arbeidarpartiet sine medlemmar av London-regjeringa medlem i Norsk Sjømannsforbund den perioden krigen varte.

Dei fyrste forsøka Bergens Stuertforening som vart stifta i 1902 er den eldste organisatoriske eininga som etter kvart gjekk inn Norsk Sjømannsforbund. Bergens Stuertforening var med i Norsk Stuert- og Kokkforbund, som i 1933 gjekk inn i Norsk Matros- og Fyrbøter-Union. Det nye forbundet tok namnet Norsk Sjømannsforbund.

1907 vart Norsk Sjømands Forbund stifta 17. november. Forbundet gjekk i oppløysing i 1913, men nokre få av lokalavdelingane gjekk inn i Norsk Matros- og Fyrbøter-Union. 1908 vart Norsk Sjømannsforbund av Underordnede stiftet, men fell frå kvarandre alt året etter. To av avdelingane overlevde forbundet og vart med og stifta Norsk Matros- og Fyrbøter-Union. 1910 vart det noverande Norsk Sjømannsforbund stifta 25. september under namnet Norsk Matros- og Fyrbøter-Union. 1920 vart Norsk Sjørestaurasjonsforbund stifta ved ei samanslåing av mellom andre Norsk Restaurasjonsforbund (med Bergens Stuertforening) og Norsk Stuert Landsforbund. Forbundet tok i 1929 opp i seg Norges Stuert- og Kokkforening, og rakk så vidt å skifte namn til Norsk Stuert- og Kokkforbund før det gjekk inn i Norsk Sjømannsforbund i 1933.

Forbundsleiarar 1910–1920 Gerhardt Gulbrandsen 1920–1936 Anders Birkeland 1936–1958 Ingvald Haugen 1958–1966 Gunvald Hauge 1966–1972 Olaf Karling 1972–1988 Henrik Aasarød 1988–1993 Edvin Ramsvik 1993–1994 Olav Bjørklund 1994–2006 Erik Bratvold 2006–2014 Jacqueline Smith 2014–2022 Johnny Hansen 2022– Kurt Inge Angell

Referansar

Bakgrunnsstoff Norsk Sjømannsforbund

Kategori:Norske fagorganisasjonar Kategori:LO Kategori:Skipingar i 1910