Terneuzen er ein kommune og by i Nederland i provinsen Zeeland med om lag 55 000 innbyggjarar, og er den folkerikaste kommunen i provinsen.

Terneuzen ligg sør for estuaret Westerschelde og ein Westerscheldetunnelen går frå området og vidare til resten av Nederland.

Byen vart først nemnd i 1325 og ligg strategisk til Terneuzen ved inngangen til vassvegane til Gent i Belgia. I dag er Gent-Terneuzen-kanalen framleis ei viktig ferdselsåre. Hamna i Terneuzen er den tredje største i Nederland etter hamnene i Rotterdam og Amsterdam.

Ifølgje segna høyrde den legendariske «Flygande Hollendar» heime i byen. Van der Decken, ein kaptein som forbanna Gud vart fordømt til å segle på havet til evig tid, som skildra i Frederick Marryat sin roman The Phantom Ship og Richard Wagner sin opera.

Byen fekk byrettar i 1584. Før 1877 vart byen ofte kalla Neuzen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Terneuzen» frå , den 21. februar 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar i Zeeland Kategori:Byar i Zeeland Kategori:Byar ved Nordsjøen Kategori:Hamnebyar i Nederland