mini|Ytre Oslofjord og Verdens Ende på sørspissen av Tjøme. Ein kan sjå Færder fyr i bakgrunnen. Ytre Oslofjord er den delen av Oslofjorden som er sør for (utanfor) Drøbaksundet. Oslofjorden strekkjer seg til Langesund ved Telemarkskysten i sør og går over mot svenskegrensa i aust. Drammensfjorden munnar ut i Ytre Oslofjord ved Hurumlandet. Skjergardskyst pregar landskapet, og både austsida og vestsida av fjorden er ynda plassar for hytteeigarar og ferieturistar. Denne delen av fjorden var frå gamalt av kalla Folden, medan "Oslofjorden" var rekna som innanfor Drøbaksundet. Dette nemnet er opphavet til fylkesnamnet Vestfold (vest av Folden), og i nyare tid Austfold (aust av Folden, tidlegare Borgarsyssel).
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ytre Oslofjord» frå , den 21. februar 2008.
Sjå òg Oslofjorden Indre Oslofjord
Bakgrunnsstoff Fagråd for Ytre Oslofjord Forureining i Ytre Oslofjord
Oslofjord, ytre Oslofjord, ytre Oslofjord, ytre Kategori:Oslofjorden