For andre fjordar med same namn, sjå Vestfjorden.

Vestfjorden er den inste delen av Tønsbergfjorden som ligg mellom Færder kommune i aust og Sandefjord kommune i vest. Han strekkjer seg om lag 6 km nordover frå Trælsodden, som skil Vestfjorden frå Melsombukta, og nordover til Ramdal på Nøtterøy, der den vestlege enden av Kanalen i Tønsberg startar. Den inste delen av Tønsbergfjorden, det vesle bassenget nord for Vestfjorden, heiter Byfjorden.

Kjelder

Kategori:Fjordar i Vestfold Kategori:Geografi i Færder Kategori:Geografi i Sandefjord