Led Zeppelin var eit engelsk rockeband starta i 1968 som bestod av gitarist Jimmy Page, songar Robert Plant, trommeslagar John Bonham og bassist John Paul Jones. Med den tunge, gitardrivne bluesrock-stilen sin, vert Led Zeppelin ofte rekna som ein av stamfedrane for heavy metal og hard rock, sjølv om dei individuelle stilane tilb andet kom frå mange kjelder og dekkjer mange sjangrar. Led Zeppelin gav ikkje ut songar frå albuma sine som singlar i Storbritannia, og føretrekte å utvikle konseptet «album-orientert rock».
Meir enn 30 år etter dei vart oppløyste då Bonham døydde i 1980, er Led Zeppelin framleis høgt verdsett på grunn av det dei oppnådde kunstnarisk, dei høge salstala og den store påverknaden dei hadde. Bandet har seld over 200 millionar album på verdsbasis i følgje somme kjelder,, medan andre kjelder hevdar meir enn 300 millionar album, inkludert 111,5 millionar plater berre i USA, noko som gjer dei til eit av dei mestseljande gruppene gjennom tidene, og det neste mestseljande i USA. Alle dei originale studioalbuma deira har nådd Topp 10 på Billboard-lista i USA, og seks av dei har nådd førsteplassen. Rolling Stone har skildra Led Zeppelin som «det tyngste bandet gjennom tidene»,Led Zeppelin: The Heaviest Band of All Time - Metal, Black Magick and Sex. Rolling Stone. 28. juli 2006. det største bandet i 1970-åraMikal Gilmore. The Long Shadow of Led Zeppelin. Rolling Stone (1006- August 2006). Henta 20. mars 2011. "Savaged by critics, adored by fans, the biggest band of the Seventies took sex, drugs and rock & roll to epic heights before collapsing under the weight of its own heaviness." og utan tvil eit av dei mest varige banda i rockehistoria. På liknande vis har Rock and Roll Hall of Fame skildra bandet i 1970-åra som «like påverkande i dette tiåret som The Beatles var i tiåret før.».
I 2007 vart dei gjenverande medlemmane i Led Zeppelin samla att (i lag med sonen til John Bonham, Jason) for Ahmet Ertegün Tribute Concert i The O2 Arena i London. Bandet fekk prisen som beste konsertband for denne eine konserten under MOJO Awards 2008, der dei vart omtalte som «det største rock and roll-bandet nokon gong».
Historie Starten I 1966 vart Jimmy Page med i det blues-påverka rockebandet The Yardbirds for å erstatta bassisten Paul Samwell-Smith. Kort tid etter, byta Page frå bass til sologitar, og bandet hadde då to sologitaristar, han og Jeff Beck. Etter at Beck forlet bandet i oktober 1966, byrja The Yardbirds, som var trøytte etter konstant turnering og innspeling, å trappe ned. Page ønskte å danna ei supergruppe med seg sjølv og Beck på gitar, rytmeseksjonen i The Who, trommeslagar Keith Moon og bassist John Entwistle, medan vokalistane Steve Winwood og Steve Marriott vart vurderte som ein del av prosjektet.Mick Wall (2008), When Giants Walked the Earth: A Biography of Led Zeppelin, London: Orion, s. 13–15, 52.Mat Snow, "Apocalypse Then", Q Desember 1990, s. 74–82. Gruppa vart aldri til, sjølv om Page, Beck og Moon spelte inn ein song i lag i 1966, «Beck's Bolero», som finst på albumet til Beck frå 1968, Truth. Med seg på innspelinga hadde dei òg bassist og klaverspelar John Paul Jones, som fortalte Page at han var interessert i å samarbeide med Page på eit framtidig prosjekt.
The Yardbirds spela den siste konserten sin i juli 1968 på Luton College of Technology i Bedfordshire i England. Dei var framleis forplikta til å spele fleire konsertar i Skandinavia, så trommeslagar Jim McCarty og vokalist Keith Relf gav Page og bassist Chris Dreja løyve til å nytte Yardbirds-namnet for å oppfylle forpliktingane. Page og Dreja sette i saman eit nytt band. Førstevalet til Page som vokalist var Terry Reid, men han avslo tilbodet og foreslo i staden Robert Plant, ein songar frå Stourbridge i Band of Joy. Plant godtok etter kvart stillinga og anbefalte trommeslagar John Bonham frå det nærliggande Redditch. Då Dreja gav seg med prosjektet for å verte fotograf (han tok seinare fleire bilete som kom på baksida av debutalbumet til Led Zeppelin), så tok John Paul Jones, etter forslag frå kona hans, kontakt med Page om den ledige stillinga. Page kjende til Jones og gjekk med på Jones som det siste medlemmet.
Gruppa spelte i lag første gongen i eit rom under ein plateforretning i Gerrard Street i London.Liner notes by Cameron Crowe for The Complete Studio Recordings. Page forslo at dei skulle prøve å spele «Train Kept A-Rollin'», ein rockabilly-song gjort populær av Johnny Burnette som hadde fått nytt liv av the Yardbirds. «Så snart eg høyrte John Bonham spele», hugsar Jones, «visste eg at dette kom til å bli stort... Vi var låste saman som eit lag med ein gong.» Kort tid etter spelte gruppa i lag på den siste innspelingsdagen for P.J. Proby-albumet Three Week Hero. Songen «Jim's Blues» på albumet var den første studioinnspelinga der alle fire medlemmar av det framtidige Led Zeppelin spelte i lag. Proby hugsar, «På den siste studiodagen, så såg me at me hadde noko tid til overs, så eg berre bad bandet om å spele, medan eg kom på teksten... Dei var ikkje Led Zeppelin enno, dei var the New Yardbirds og dei skulle bli bandet mitt.»
Bandet gjorde ferdig den skandinaviske turneen som The New Yardbirds, og spelte i lag for første gong føre eit publikum i Gladsaxe Teen Clubs i Gladsaxe i Danmark, den 7. september 1968. Seinare denne månaden, byrja bandet å spele inn det første albumet sitt, som var basert på det dei spelte på konsertane på denne tida. Albumet vart spelt inn og miksa på ni dagar, og alle kostnadene var dekte av Page sjølv.Wall, s. 51-52 Etter at albumet var ferdig, vart bandet tvungen til å endre namn etter at Chris Dreja gav ut eit forbodsbrev som sa at Page berre fekk lov å nytte namnet New Yardbirds for den skandinaviske turneen.Wall, s. 72-73 Ei historie om korleis bandet fekk namnet sitt var då Keith Moon og John Entwistle, trommeslagar og bassist i The Who, meinte at den mogelege supergruppa med dei sjølv, Jimmy Page og Jeff Beck ville falle som ein «blyballong» («lead balloon»), ein vanleg spøk for å skildre noko som ville ende katastrofalt. Gruppa fjerna med vilje 'a'-en i lead etter forslag frå manageren deira, Peter Grant, for å hindre «dumme amerikanarar» frå å uttale det som «leed». Ordet «balloon» vart endra til «zeppelin», og for Page var namnet ein perfekt kombinasjon av lett og tung, brennbarheit og ynde.
Grant sikra òg bandet eit forskot på 200 000 dollar frå Atlantic Records i november 1968, den største avtalen av sitt slag eit nytt band hadde fått til då. Atlantic var eit selskap kjend for katalogen sin med blues-, soul- og jazzartistar, men seint i 1960-åra byrja dei å fatte interesse for progressive britiske rockeband, og signerte Led Zeppelin utan å ha sett dei første, hovudsakleg baert på anbefalingar frå songaren Dusty Springfield. I følgje kontrakten Grant sikra dei, kunne bandet sjølv velje når dei ville gje ut album og turnere, og dei hadde siste ord med i laget om innhald og design på kvart album. Dei skulle òg få avgjere korleis dei skulle marknadsføre albuma og kva singlar som skulle gjevast ut, om dei skulle gjevast ut i det heile. Dei danna så sitt eige selskap, Superhype, får å handsame forlagsrettane.
Tidlege år (1968–70) Bandet endra offisielt namn til Led Zeppelin den 14. oktober 1968, og den første konserten med det nye namnet vart gjort på University of Surrey i Guildford den 25. oktober.Wall, s. 73-74 Dette vart etterfølgd av den første konserten deira i USA, den 26. desember 1968, før dei flytta til vestkysten for ei rekkje konsertar i byar der, inkludert Los Angeles og San Francisco.Thomas MacCluskey, «Rock Concert Is Real Groovy». Kopi ved www.led-zeppelin.org. Led Zeppelin kom ut i USA den 12. januar 1969, under turneen. Det kom først ut i Storbritannia den 31. mars 1969. Blandinga av blues, folkemusikk og påverknad frå austleg musikk med forvrengd og forsterka lyd gjorde det til eit av dei viktigaste albuma i skapinga av heavy metal. Plant har kommentert at det er urettferdig at folk kalla dei eit heavy metal-band, sidan om lag ein tredjedel av musikken deira var akustisk..The History of Rock 'n' Roll: The 70s: Have a Nice Decade (1995), film regissert av Bill Richmond. På det første albumet vart ikkje Plant tilskriven som låtskrivar på nokre av songane han var med å skreiv, som følgje av den tidlegare kontrakten hans med CBS Records.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9, s. 14.
I løpet av det første året klarte Led Zeppelin å fullføre fire turnear i USA og Storbritannia kvar, og gje ut det andre albumet sitt, Led Zeppelin II. Det vart nesten utelukkande spelt inn under turneen i forskjellige byar i Nord-Amerika, og vart ein enno større suksess enn debutplata og gjekk til topps i både heimlandet og i USA. Bandet utvikla vidare idear dei skapte på debutalbumet, og skapte eit verk som vart enno meir hylla og utan tvil enno meir påverkande. Det har vorte indikert at Led Zeppelin II i stor grad danna grunnlaget for heavy metal-band som følgde sidan.
Etter at albumet kom ut, gjorde Led Zeppelin fleire turnear i USA. Dei spelte i starten på klubbar og i danselokale, så i større auditorium ettersom populariteten deira voks. Somme av dei tidlege konsertane deira varte meir enn fire timar, med lange improviserte konsertversjonar av songane deira. Mange av desse er bevarte som piratkopialbum. Det var i denne perioden at bandet fekk rykte på seg for å leve eit usvevande liv. Eit påstått døme på slik ekstravaganse var den såkalla «hai-episoden», der turnemanager Richard Cole skal ha putta nasen på raud snappar (ein fisk) inn i vagina på ei jente. Rykta eskalerte derimot raskt til at jenta hadde vorte valdteken med ein hai som ein del av utstyret.Mick Wall. «The truth behind the Led Zeppelin legend», Times Online, 1 November 2008
For det tredje albumet sitt, Led Zeppelin III, reiste Page og Plant til Bron-Yr-Aur, ei fjerntliggande hytte i Wales, i 1970. Resultatet vart eit meir akustisk lydbilete, som var sterkt påverka av folk og keltisk musikk, og som synte kor allsidig bandet var. Den rike akustiske lyden på albumet fekk først blanda kritikk og mange kritikarar og tilhengjarar var overraska at dei hadde vendt seg bort frå dei elektriske songane frå dei to første albuma. Over tid har omtalen betra seg og Led Zeppelin III vert i dag stort sett hylla. Opningssporet på albumet, «Immigrant Song», kom ut i november 1970 på Atlantic Records som singel, mot ønsket til bandet.Ted Drozdowski. Jimmy Page Goes ‘Country’: The Story of Led Zeppelin III . Gibson. Henta 20. mars 2011. Det inneheld den einaste B-sida av bandet som ikkje vart gjeven ut på album, «Hey Hey What Can I Do». Sjølv om bandet rekna albuma sine som uoppdelelege, ei heilskapleg lyttaroppleving, og manageren deira Peter Grant hadde ei aggressiv album-orientert haldning, vart det gjeve ut enkelte singlar utan løyve frå bandet. Gruppa motstod òg i aukande grad framsyningar på fjernsyn, og tvinga tilhengjarane sine til å sjå dei på konsertar i staden.Dave Lewis (2003), Led Zeppelin: Celebration II: The 'Tight But Loose' Files, London: Omnibus Press. ISBN 1-84449-056-4, s. 30, 35, 45, 49, 80.Michael Wale, «Led Zeppelin», The Times, 11 July 1973.
På toppen (1971–75)