mini|Måsar på Føsundbrua.Foto: L.C. Nøttaasen (2009) Fylkesveg 5586 går mellom Ytre Oppedal i Gulen kommune og Hest i Høyanger kommune i Vestland fylke. Vegen er 30,3 km lang.

Fram til 2019 hadde vegen nemninga fylkesveg 8 i Sogn og Fjordane.

Historikk I 1930-åra hadde Høyanger kommune berre lokale grendevegar på sørsida av Sognefjorden. Etter at kommunane Kyrkjebø og Lavik var slått saman til Høyanger kommune 1963 fekk innbyggjarane i den tidlegare Lavik kommune ein mykje lengre veg til kommunesenteret enn før. Derfor blei det vedteke å byggja veg frå Ikjefjord til Svartemyr, med ferje vidare til Nordeide, saman med ein gjennomgåande veg for grendene i Høyanger sør for Sognefjorden.

Etter ein del diskusjonar om kvar vegen skulle gå blei han bygd ut i etappar. I 1970 blei 3,9 km gammal veg mellom Bjordal og Leirnes oppgradert, traséen Hest–Bjordal blei seinare del av Fv92. 1972 blei 3,5 km mellom Leirnes og Svartemyr teke i bruk saman med ferjesambandet Svartemyr-Nordeide, og same året vart vegen Vamråk–Mjølvik teken i bruk. På dette tidspunktet hadde Ikjefjord vegløysing til Oppedal ferjekai i Ytre Oppedal og ferjesambandet Lavik-Oppedal-Brekke.

Med åra etterpå vart fleire strekningar ferdigbygde: i 1976 Bjordal–Søreide, 1980 Mjølsvik–Ortnevik, og ferjesambandet Ortnevik-Nordeide opna i 1983. Det siste stykket, mellom Søreide og Vamråk blei teke i bruk 1985.

Kommunar og knutepunkt

Ytre Oppedal vegkryss → Sognevegen til Oppedal ferjekai (10 m) og vidare mot Førde og Ålesund → Sognevegen til Instefjord og vidare mot Bergen Oppedal gravplass Indre Oppedal Indre Oppedal bru over Storelva (26 m)

Ikjefjorden Fureneset vegkryss: Arm Ikjefjordvegen til Øystrebø (6,3 km) Trædal Rambergtunnelen (380 m) Ikjen Endepunkt Øystrebø vegkryss Fureneset vegkryss Ikjefjordbrua over Ikjefjorden (340 m) Svartemyr vegkryss Arm til nedlagde Svartemyr ferjekai (0,2 km) Leirnes Osland Føsund Føsundbrua over Fuglsetfjorden (75 m) Endepunkt vegkryss Hest → Fjordsvegen til Matre i Masfjorden → Sørsidevegen til Ortnevik ferjekai → Vik-Ortnevik-Måren-Nordeide-Høyanger, sjå Skyss → Nordeide

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Vegar i Gulen Kategori:Vegar i Høyanger