Fylkesveg 60 (Fv60) går mellom Blindheim i Ålesund og Byrkjelo i Gloppen. Vegen er ein viktig alternativ veg til E39 mellom Ålesund og Byrkjelo (og vidare med E39 til Bergen). Fv 60 har berre ei ferje medan E39 har to. Veglengda (bortsett frå ferjestrekninga og felles trasé med riksveg 15) er 160,7 km, av dette 82,3 km i Møre og Romsdal og 78,4 km i Vestland. Vegen har ei ferjestrekning (Magerholm-Ørsneset) og dessutan tilknyting til via ferje Stranda-Liabygda. I sommarhalvåret er det tilknyting til med turistferje på Geirangerfjorden.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trødde i kraft har han status som fylkesveg.
Historie Vegen mellom Stranda og Hellesylt (Ljøvegen) vart opna i september 1962 og gav ferjefri veg mellom Stranda, Hellesylt og Hornindal.Sunnmørsposten 20. desember 2012, s.3. Før heilårsvegen Stryn-Grotli (riksveg 15) vart opna, gjekk trafikken vinterstid frå indre Nordfjord til Austlandet via Hellesylt-Stranda-Sykkylven og vidare til Åndalsnes. Ferjesambandet Hellesylt-Stranda vart lagt ned våren 1963.Torvik, Arne Inge: Om samferdsel i Møre og Romsdal. Molde: MRF, 2000. Etter opning av Kvivsvegen er det også ferjefritt samband mellom Stranda/Sykkylven og Ørsta/Volda. Dagens fylkesveg mellom Byrkjelo og Stranda følgjer stort sett same trase som Den trondhjemske postvei oppretta på slutten av 1700-talet.
Kommunar og knutepunkt
Blindheim, til Nedregarden (2,6 km) Magerholm Ferje frå Magerholm (15 min, 3 turar/time)
til Ørsneset frå Sykkylven til Løset i Ramstaddalen (14,7 km) Klokkarhaugtunnelen (75 m) frå Vik via Sykkylvsbrua og ferje frå Hundeidvik til Festøy frå Fetbrua til Hjorthol (4,0 km) Hjorthol
Arm til Stranda ferjekai (1,6 km) frå Stranda til Uksneset (5,3 km) Ferje frå Stranda til Liabygda (Gravaneset) frå Korsbakken til Engeset (4,6 km) Ljønibbtunnelen/Hamregjøltunnelen (3090 m) mini|Hellesylt Storfosstunnelen (257 m) Streketunnelen (1289 m) Arm til Hellesylt (1,4 km) Hellesyltporten (377 m) frå Hellesylt til Vollseter (12,3 km) Ferje (1. mai - 30. september) frå Hellesylt til Geiranger Tryggestad
Horndøla bru frå Haugen til Tomasgård frå Gausemel til Ytrehorn Tomasgård Kvivsvegen frå Volda, felles trase til Kjøs bru frå Grodås til Otterdal Kjøsahammartunnelen (813 m) Hola, RV15 felles trasé til Stryn
mini|Loen. Fv 60 går langs fjorden (òg i bakgrunnen).
Bleksvingen frå Svarstad til Faleide (1,3 km) Stryn Stavenestunnelen (111 m) frå Loen til Bødal (14,3 km) Tyvanestunnelen (197 m) frå Olden til Briksdalen (22,1 km) Vanbergtunnelen (94 m) frå Utvik til Moldreim (10,1 km)
Fjellovergang, Utvikfjellet 630 moh Breimsbygda Skisenter frå Øvreset til Hetle bru (4,2 km) frå Støyva til Myklebust (8,9 km) Byrkjelo
Bakgrunnsstoff
Møre og Romsdal Fylkesbaatane Ferje Magerholm - Ørsneset(Aursnes)
Kjelder
Kategori:Primære fylkesvegar
Kategori:Fylkesvegar i Møre og Romsdal Kategori:Ferjesamband i Møre og Romsdal
Kategori:Vegar i Ålesund Kategori:Vegar i Sykkylven Kategori:Vegar i Stranda Kategori:Vegar i Hornindal Kategori:Vegar i Stryn Kategori:Vegar i Gloppen