Lauvtreløparen er ein europeisk trebukk som finst frå Finnmark i nord til Pyreneane i sør, og austover til Vest-Sibir. Arten er mellom dei aller vanlegaste og mest utbreidde trebukkane me har.
Levesett Lauvtreløparar finst i trevirke frå mange ulike slags lauvtre, mellom anna bøk, eik, kastanje, lønn, bjørk, osp, lind og alm. Ein kan òg rett som det er finna arten i bartre som furu og gran.
Arten utviklar seg i gamalt, fuktig og liggande trevirke, til dømes i stubbar og stammar. Ein finn larvane anten under eller i borken, medan puppane berre er å finna under i særskilde puppekammer. Vaksne biller vert klekt i august-september, og overvintrar før dei kjem ut om våren.
Dei nyttar frå to år og opp på utviklinga si.
Kjelder Norges Biller
Bakgrunnsstoff
Kategori:Trebukkar