mini|høgre|250px|Fig. 1 Roterande hestevandringar. Hestevandring er ei innretning for å nytta hestar til å trekkja roterande maskiner, som treskeverk, kverner, o.l. , Moberg, Harald, A:son, Jordbruksmekanisering i Sverige under tre sekel, Kungl. Skog- och Lantbruksakademien, 1989.. Det var to hovudtypar hestrevandring: roterande, Fig. 1, og vandringar med endelaust belte, Fig. 2.
På roterande hestevandringar måtte overføringsreima, eller akslingen, gravast ned, som vist i dei to øvste bileta i Fig. 1, eller hevast over hestane, som vist på det tredje biletet i Fig. 1. Fig. 3 syner ei hestevandring frå Frankrike, som er bygd under eit treskeverk.
Å gå i ring, eller på eit uendeleg belte, var tungt og utriveleg arbeid for hestane og vart nytta der det ikkje var ei stor nok elv for å drive eit vasshjul. Då dampmaskina vart innført vart det slutt på å nytta hestevandring.
Referanse
Kategori:Jordbruksmaskinar