Husværfjorden er ein fjord i Vega kommune og Herøy kommune i Nordland. Fjorden ligg nord for Husvær og strekkjer seg 17 km nordaustover til Sør-Herøy.
Fjorden startar mellom Sandvær i sør og Ytre Flesan i nord. I tillegg til Sør-Herøy ligg òg øya Tenna i aust. På nordsida ligg Ytre og Indre Flesan og Kjeggruve.
Kategori:Fjordar i Nordland Kategori:Geografi i Vega Kategori:Fjordar i Herøy i Nordland