Web Cartoonist's Choice Awards (WCCA) er ei årleg prisutdeling der nettbaserte teikneserieskaparar nominerer og vel ut framståande teikneseriar som er tilgjengeleg på nettet. Kåringane har vore haldne sidan 2001. Dei har blitt nemnt i New York Times.NYT05
WCCA er ei form for verdsetting imellom kollegaer, med stemmerett gjeve berre til forfattarar og teiknarar som arbeider på teikneseriar dedikert til nettet. Prisvinnarar får eit eige webbanner for sida si, og ifrå 2007 vart eit presentasjon på MegaCon etablert som innslag.The 2007 winners of the Web Cartoonists' Choice Awards will be announced for the first time in a LIVE ceremony to feature presentations by some of the most prominent personalities of the internet. I 2003, 2005 and 2006 vart prisane presentert i ein seremoni på nettet vist i stripeform og som involverte nokre av teiknarane.
WCCA blei starta av Scott Maddix og Mark Mekkes i 2000, med dei første kåringane gjort i 2001. Mekkes sa motivasjonen hans var å «skape ein prosess med kåringar som ville gjere mest for å hjelpe samfunnet for netteikneseriar og inspirere teiknarar til å prestere» Mekkes sette opp ein komite for å køyre priskåringa, først kjend som Cartoonists' Choice Awards, med seg sjølv som komiteleiar, eit verv han endå innehar. Silver Bullets har skildra komiteen som ein uavhengig organisasjon dedisert til å fremme og å anerkjenne teikneseriar på nett og teiknarane.Scott Christian Sava’s The Dreamland Chronicles Nominated For Awards I motsett lei har komitemedlem Lewis Powell kritisert prisane for å vere svært feilstyrte, dårleg organiserte og ikkje når måla sine.
Der er fleire kategoriar, eit faktum New York Times kritiserte i 2005, då 26 kategoriar skulle vere for mykje. Ingen teikneserie har klart å bli nominert kvart år sidan kåringa vart etablert.
Stripa som har fått flest prisar er den no nedlagde Mac Hall med 9 utmerkingar, følgd av Chopping Block og The Perry Bible Fellowship som har fått 8 kvar. Penny Arcade og Count Your Sheep har kvar vunne 7 prisar.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Offisiell side Seremonien i 2007 G4's Podcast av G4 Attack of the Show! som annonserte vinnarane i 2005
Kategori:Teikneseriar Kategori:Prisar og utmerkingar Kategori:Skipingar i 2001 Kategori:Teikneserieprisar