Vladimir oblast er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Vladimir, arealet er 29 000 km² og innbyggjartalet er 1 342 099 (2021).

Demografi Dei største byane er Vladimir (345 400 ibuarar), Kovrov (145 200) og Murom (116 100)."Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Det store fleirtalet av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga: Russarar: 89,3 % Ukrainarar: 0,9 % 6,6 % oppgav ikkje nasjonalitet ved folketeljinga.

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Russiske føderasjonssubjekt