Grovfjorden (nordsamisk Roabavuotna) er ein fjordarm av Astafjorden i Tjeldsund kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 9 km søraustover til grenda Laberget i botn av fjorden. Fjorden er delt i to av eit smalt sund midtvegs inn i fjorden. Her ligg tettstaden Grov på austsida.Grovfjorden på Norgeskart.no frå Statens kartverk

Fjorden har innløp mellom gardane Fornes i vest og Stretet i aust. Bortsett frå desse to er det ingen busetnader i den ytre delen av fjorden. Ved Grov kryssar fylkesveg 825 fjorden og held fram vidare ut fjorden på austsida. I den indre delen av fjorden ligg grendene Marskar og Laberget på sørsida av fjorden og i tillegg finn ein andre gardsbruk på nordaustsida.

I tillegg til Rv825 går fylkesveg 829 langs austsida av fjorden nord til Grov. På vestsida av den indre delen går Fylkesveg 7788.

Kjelder

Kategori:Fjordar i Tjeldsund