mini|høgre|Sisu dumparbil. mini|høgre|Sisu tømmerbil i Karis. mini|høgre|Sisu XA-180 i Sør-Libanon. mini|høgre|Sisu brannbil i Helsingfors. Med Renault-førarhus.

Oy Sisu Auto Ab er ein finsk produsent av lastebilar og pansra køyretøy.

Soge I 1931 stifta Karl Arthur Nordgrén, Emil Anton Winckelmann og Lars Wilhelm Åberg Oy Suomen Autoteollisuus (Finsk bilindustri AS) . Namnet Sisu, som tyder sterk og uthaldande, kom til ved at det i 1932 vart utlyst ein konkurranse. Tor Nessling vart tilset som utviklingssjef og i 1932 vart han generaldirektør for føretaket, der han vart i fire tiår. Frå starten vart det produsert lastebilar.

I 1938 var den fyrste prototypen til eit militært pansra køyretøy ferdig .

1939 fekk Tor Nessling aksjemajoriteten i føretaket

I 1941 vart det bygd ein ny fabrikk i Karis og det vart bygd ein ny fabrikk i Tavastehus i nærleiken av Vånå.

I 1943 vart Yhteissisu Oy stifta i Flemingsgatan i Helsingfors, med føremål å produsera køyretøy til det finske forsvaret. Det var planlagt ein serie på rundt 7000 einingar i fyrste omgang, men på grunn av forseinkingar kansellerte forsvaret ordren i 1948.

I 1945 vart dei fyrste prototypane til Yhteis-Sisus vart ferdige og serieproduksjon starta året etter. Det vart produserte både bussar, lastebilar og spesialkøyretøy på bestilling.

I 1948 vart Sisu delt opp i Vanajan Autotehdas Oy (VAT) og Oy Suomen Autoteollisuus Ab (SAT), og Yhteissisu overtok teikningane til den siste lastebilen (Sisu S-21). SA produserte ikkje lastbilar dei neste fem åra.

I 1949 vart den fyrste lastebilen med bakløft produsert.

I 1958 kom føretaket med ein løftbar boggi, som dei hadde utvikla.

I 1960 vart Oy Karia lagt saman med Oy Suomen Autoteollisuus Ab. Sisu de Colombia Limitada stifta og eksporten av lastebilar til Sør-Amerika tok til.

I 1961 vart det bygd ein ny monteringsfabrikk på 150 000 m2 i Karis.

I 1962 kom Sisu KB-112, som var den fyrste europeiske lastebilen med hydraulisk tippbart førarhus.

I 1963 kom Sisu KB-117, som var den fyrste serieproduserte lastebilen i Europa med tippbart førarhus.

I 1964 kom terrengkøyretøyet (KB-45), som det vat produsert over 500 einingar av fram til 1982.

1965 tok Sisu, som den fyrste europeiske lastebilprodusenten, til å produsera snutebilar med skjermar og panser av forsterka plastmateriale.

I 1968 vart VA og SA samanslegne under namnet Suomen Autoteollisuus.

I 1969 byrja dei til å produsera terminaltraktorar.

1971 vart Voimavaunu OY (stifta i 1929) lagt saman med Suomen Autoteollisuus.

I 1976 innleia Leyland, Saab-Scania og Sisu eit samarbeid og delte aksjane 10/10/80 % mellom seg.

I 1981 bytta Suomen Autoteollisuus namn til OY Sisu-Auto AB.

I 1985 vart OY Sisu Auto AB heilt og fullt eit statseigd føretak. Same året vart bussproduksjonen nedlagt og ein ny akslingfabrikk vart opna i Hämeenlinna.

I 1988 vart det starta produksjon av 5-aksla lastebilar.

I perioden 1989 til 1995 eksisterte Sisu Racing, som vann tre europeiske meisterskap (1991 til 1993).

I 1993 var terminaltraktorprodusenten Ottawa Truck Corporation i USA kjøpt.

1. mai 1994 vart Valmet OY, som mellom anna produserte traktorar og skogsmaskinar, innlemma i Sisu. Forretningsområda vart Sisu Tractors, Sisu Terminal Systems, Sisu Logging, Sisu Trucks, Sisu Defence, Sisu Components og Sisu Factory Automation. Etter dette stod lastebilproduksjonen for berre 10 % av omsetninga.

I 1995 vart akslingproduksjonen skild ut som eit eige føretak, men namnet Sisu Akselit Oy.

I 1996 vart Sisu, som då var eit heileigd statsselskap, splitta opp i fleire uavhengige føretak: Den militære eininga vart lagt til Patria Industries. Sisu Terminal Systems, Sisu Truck and Sisu Axles vert selde til Partek Oyj, der staten var deleigar.

I mars 1996 vart OY Sisu Auto AB ISO 9001-godkjent og AQAP 110-godkjent (AQAP er ei godkjenning for produksjon av utstyr til NATO).

I juni 1996 underskreiv Sisu og Renault ein intensjonsavtale.

I august 1996 vart alle aksjane i Sisu Defence OY overførte til staten.

Den 20. januar 1997 underskreiv Sisu og Renault ein kontrakt om at OY Sisu Auto AB selde 50 % av aksjane sine i RS Hansa Auto OY til Renault V.I. Det vart òg signert ein avtale om komponentsamarbeid Sisus eksport-marketing blei også ingått mellom dei to firmaa. Hansa Auto OY vart med dette ein sals- og vedlikehaldsavdeling for Sisu- og Renault-lastebilar. Sisu og Partek fusjonerte.

Den 22. januar vart det inngått ein førebels avtale mellom Sisu og Partek. Aksjemajoriteten i Sisu vart overført til Partek i april.

I 1999 vart dei fyrste 1000 Sisu-lastebilane med førarhus frå Renault produserte.

I 2000 selde Renault VI 50 % av aksjane sine i Hansa Auto til Sisu, slik at Sisu Auto eigde heile Hansa Auto. Sisu Auto og Renault fortsette samarbeidet og Sisu Auto vart offisiell importør av Renault-lastebilar i Finland.

I 2001 vart Hansa Auto innlemma i Sisu Auto. Sisu-merket feira 70-års-jubileum.

I 2002 fekk Sisu sin den største eksport-ordren dei nokon gong hadde fått; 110 Sisu E 12 6x4 tunge semitrailartrekkvogner til den franske hæren. Same år vart Partek seld til Kone og Sisu Auto vart 100% eigd av Kone.

I 2004 selde Kone Sisu Auto til Suomen Autoteollisuus OY, som var eigd av ei investorgruppe. Dette førte til at den finske transportsektoren vart lagt saman med leiinga i Sisu Auto. KONE hadde framleis aksjemajoriteten i Suomen Autoteollisuus OY.

I 2006 feira Sisu 75-års-jubileum som merke, sjølv om eigartilhøva har vore skiftande opp gjennom åra.

I 2010 vart føretaket kjøpt av Olof Elenius og Timo Korhonen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sisu (lastbil)» frå , den 28. mars 2008.

Kategori:Lastebilprodusentar Kategori:Finsk næringsliv Kategori:Finske føretak Kategori:Skipingar i 1931