Eiterfjorden (samisk Árresvuotna) er ein fjord i Måsøy kommune i Finnmark. Fjorden ligg like aust for Havøysund og strekkjer seg 3,5 km sørover til Eiterfjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Guriholneset i vest og Trollfjordneset i aust. Fjorden er 44 meter på det djupaste, eit godt stykke inn i fjorden på austsida.

Det er ingen busetnader ved fjorden, men Riksveg 889 går langs heile vestsida.

Kategori:Fjordar i Måsøy